Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje nedbør dei komande dagane

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. september 2022

Dei næraste dagane er det meldt tildels store nedbørsmengder her i regionen og sørover til «søre luten».  Det er gult farevarsel både for mykje regn, flaumfare og jord- og flaumskredfare. Dette vil pågå frå torsdag kveld og til laurdag kveld eller natt til søndag. 

Yr.no oppfordrar folk til å passe på å rense avløp og stikkrenner slik at ein får unna vatnet om det blir stor vassføring slik dei melder.  Det blir vel etter kvart litt kaldare, og vi må kanskje vente at det kan bli snø på toppane.  Det er iallfall meld at det kan bli snø frå 800-1000 meter og oppover.  Her kan du følgje vêrmeldinga på yr.no dei næraste døgna.

 

 

 

Publisert: 15. september 2022, 17:40