Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Regnet pøser ned – flaumstore elvar nærmar seg 10-årsflaum

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. september 2022

Det siste døgnet har regnet pøsa ned – det regna godt utover fredagen, og da vi var ute for å sjå på elva i 19.30-tida var elva i fyrhushølen, bak Gammelfabrikken, slik som på biletet på framsida. Da fikk vi ikkje inn data frå vassmålaren ovafor Storfossen.  No i morgontimane er data frå målaren lagt ut, og da kan vi sjå at vassføringa på dette tidspunktet var temmeleg nøyaktig 75 m3/sek.  I løpet av natta har det regna jamt og trutt…

Melfull elv ved ramsøya i 19.30-tida i laurdag kveld. Foto Jon Olav Ørsal

Ved nedlasting av data laurdag kl 06.00 er det registrert vassføring på 92,5 m3/sek i Storfossen – toppen så langt vart nådd kl 04.45 da det vart målt 94,1 m3/sek.  Da nærmer vi oss grensa for 10-årsflaum som for Storfossen er på 96,8 m3/sek.

No i morgontimane regnar det godt i Todalen, og elva er igjen stigande.  Det virkar nok på vassføringa at lukene ved To-vatna er stengte, slik at alt overløp renn over dammen mot Todalen – og dermed forsterkar flaumen i Toåa. På yr.no meldes det framleis mykje regn, men etter vêrmeldinga vil det bli lettare vêr på søndag.  

Situasjonen ved Vassosen i formiidagstimane i dag – her står vegen under vatn. Foto Ragnar Halle

Ved gapahuken i Båthølen går også elva over kanten i dag – foto Ingri Bruset

 

Publisert: 17. september 2022, 06:03