Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit hus i himmelen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 17. september 2022

Denne helga og neste helg har biletkunstnaren Lars Gunnar Polden utstilling i Kallastuå; her er det fargerike og spennande bilete med humor, snert og djupare grunn.

Per Fugelli, lege med tversoversløyfe og stort samfunnsengasjement, var uhelbredeleg sjuk og fekk spørsmålet: «Kor i himmelen skal du bu?» Fugelli var ateist og svara at han ikkje hadde hus i himmelen. Dermed laga Polden hus til Fugelli i himmelen, dette er bakgrunnen for biletet ovanfor.

«Fosbury flop» – ny stil i høgdehopp. Lars Gunnar var sjølv ivrig på friiderttsbanen og har mellom anna konkurrert i løping mot Asle Olsen, Erik og Magne Vullum og Per Halle. «Far sprang mange 4-hundremetrar, han var rask – men han sprang etter krøtter og ikkje på løpebane!» 

Lars Gunnar Polden var fødd på lofta i Myrholtan på Surnadalseidet i 1951. Da han var to år, flytta familien til Ålvundeidet. Far hans, Ola, var interessert i kunst, litt uvanleg her på traktene i 50-åra, og på utedoen vart det hengt opp kunstbilete frå ymse juleblad. Lars Gunnar var ein ivrig teiknar alt frå tidlege barneår. Og så opplevde han at sambygdingen Kolbjørn Halse hadde besøk av bror sin, Olav, som var biletkunstnar og sat ein dag ute i naturen på Ålvundeiset og måla bilete. Det tende ein gnist i Lars Gunnar og alt som 16-åring starta han på kunstutdanning – først i Ålesund og seinare i Bergen, og etter fullført utdanning har han vore utøvande kunstnar: «Det har vore kunst heile livet!»

Lars Gunnar og Torunn Polden. Foto: Dordi J H.

Etter nokre år i Norheimsund bur Lars Gunnar og kona Torunn no på Hjadlane i Osa i Ulvik kommune i Hardanger. Hjadlane tyder hjell, og heimen med kunstatelier ligg 90 meter over havet med utsyn mot fjord og fjell. Ekteparet har også hus på Surnadalseidet, og dei er godt kjende i Todalen da dei har slektningar på Bjørås.

«Å gjera kål på ei gulrot». 

«Attpå var han frampå….» og vidare heiter det «og kvit var han svart».

Som nemnt er måleria fargerike og humorstiske med dobbel botnen og ber titlar som «Hange hatten på solstrålane», «Kattikall», «Å gjera kål på ei gulrot», «Fosbury flop», «Råkar du meg, råkar eg deg». Eitt av bileta har tittel etter ei Halsehistorie frå Todalen om han som tala bakvendt: «Attpå var han frampå ….». Kunstnaren har lagt si historie i bileta, og så må mottakaren finne si eiga historie. Lars Gunnar fortel at av og til kan han måle eit bilete i løpet av nokre timar og andre bilete arbeider han med i månadsvis – kanskje årsvis.

«Kattikall» .

Kunstutstillinga er open laurdag 17. og søndag18. september, og 22., 23, 24. og 25. september. Opningstidene er frå kl. 15.00 – 19.00. Kunstnaren og kona vil stort sett vera til stades i Kallastua alle dagar.

Bileta av kunstverka er enten henta frå heimesida til Lars Gunnar Polden eller avfotograferte i Kallastua.

Utstillinga i Kallastua er vel verdt eit besøk!

«Brukar».

Søskenbarn: Lars og Lars Gunnar Polden. Foto: Dordi J H

Kjell Gunnar heime i atelieret i Osa. Foto: Privat.

 

 

 

Publisert: 17. september 2022, 04:00