Melding frå Todalen historielag
No er det tid for å betale kontingent for medlemskap i Todalen historielag for året 2022.
Vi fann 9208 artiklar i dette arkivet.
No er det tid for å betale kontingent for medlemskap i Todalen historielag for året 2022.
Laurdag 1. oktober inviterer Todalshytta til fårikåldag basert på årets lam. Siste veka på september er det lang tradisjon for å lage fårikål for å smake på årets lam. Lam som nærast er komene direkte frå fjellbeite i Trollheimen er vel noko av det ypperste du kan få som råstoff, seier Kjell Arve Vikavoll som skal sørge for at dette blir vellukka
Todalen sanitetsforening inviterer godt vaksne todalingar, nordvikgardingar og andre interesserte til treff i Sanitetshuset med tema brannførebyggande tiltak onsdag 28. september kl. 12:00.
I fjor endra Remidt hytterenovasjonen i Surnadal kommune. Dette inneber at søppeldunkane for renovasjon for Todalen vart flytta frå Talgø og Matkroken Todalen til Haugen vegkryss. Dette inneber mykje ekstra køyring for dei med hytter i Todalen når dei har fått meir enn dobla avstanden til søppeldunkane. Medan ein tidlegare kunne levere søppel samstundes som ein handla, må ein nå køyre 12 kilometer (ein veg) for å levere søppelposane sine
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 26. september. Start frå Matkroken/Halsbua kl. 11:00. Fint om du blir med ut på tur!
Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe laurdag ettermiddag; eit godt tiltak i bygda vår. Kjekt å kunne treffast til hyggeleg prat!
Hageland har tradisjonelt runda av sesongen med eit typisk restesal, det både planter, stauder, buske r og tre har gått unna med store rabattar. Dette skjer denne veka, og torsdag, fredag og laurdag er det altså «elleville dager» både på Hageland Surnadal og på Byggmakker. Når det gjeld Byggmakker så er også Byggmakkerbutikkane på Tredal og Bytås med på kampanjen som Byggmakker Surnadal køyrer. Bla vidare og sjå den digitale kampanjeavisa som er felles for Hageland og Byggmakker – og som gjeld torsdag, fredag og laurdag.
Da er det haust og nysnø i fjella, kveldane er mørke, og det er tid for å finne fram att strikking og anna handarbeid. Laurdag 24. september inviterer Sanitetsforeninga til strikkekaffe i Sanitetshuset i tidsrommet 13:00 – 16:00.
Det er Odd Arild Sande som brukar Jon Leirfalls berømte utsagn for å få folk til å engasjere seg i politikken. Eit år fram i tid er det nytt kommuneval, og Sande fortel at Surnadal AP alt er godt i gang med nominasjonsprosessen. Om ikkje lenge må han ha lista klar med 27 namn – […]
Måndag kveld inviterte Surnadal demensforening og helselag politikarane i Surnadal til å delta på kurset «eit demensvennleg samfunn». Det vil seie at demensforeninga og kommunen hadde pussa støvet av ein avtale dei gjorde i 2015 om at dei i lag skal invitere tilsett i bedriftene i Surnadal til å gjennomføre kurset
Surnadal kommune deler ut eldrearbeidsprisen. Eldrearbeidsprisen vart etablert i 2011 og vi lyser no ut etter kandidatar for 2022.
Prisen skal gå til person, lag eller foreining som har utmerka seg positivt i ulønna eldrearbeid.
Det blir ikkje kløvertur i morgon måndag 19. september.