Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Sanitetens uke» – fokus på trygg kvardag for eldre!

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. september 2022

Todalen sanitetsforening inviterer godt vaksne todalingar, nordvikgardingar og andre interesserte til treff i Sanitetshuset med tema brannførebyggande tiltak onsdag 28. september kl. 12:00.

Den dystre statistikken frå Direktoratet for samfunnssikkerheit viser at 75 % av dei som døyr i brann i Norge, tilhøyrer risikoutsette grupper, mellom anna eldre.

Derfor er det i Sanitetsveka i år fokus på eldre og brannsikkerheit. Reidar Rudolfsen frå brannvesenet vil delta på møtet og orientere om korleis forebygge brann, og kva ein skal gjere om det oppstår brann.

Mannskap frå Todalen brannlag deltek på møtet.

Det blir kaffe, rundstykke og kringle!

Det er Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening som er arrangør.

Vel møtt til treff for ein trygg kvardag!

 

Publisert: 26. september 2022, 12:00