Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredrikkekaffe – triveleg ettermiddagsstund

Dordi Jorunn Halle Laurdag 24. september 2022

Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe laurdag ettermiddag; eit godt tiltak i bygda vår. Kjekt å kunne treffast til hyggeleg sosialt samvær!

Jenny og Ingeborg i triveleg prat. Spreke damer! Foto: Dordi J H

Men det er ikkje berre prat; her er det flittige hender. Todalen.no kan ikkje røpe for mykje, men det var altså produksjon både av julegåver og bursdagspresangar. Andre hadde nyleg starta på lune pledd; og gode kopptuer blir det aldri for mykje av. Her kan ein kose seg riktig godt om ein ikkje har handarbeid, og!

Det var servering av kaffe, vannbakkels og kake; alt smakte riktig godt!

Neste strikkekaffe blir laurdag 22. oktober. 

Kaffepause er viktig! May-Elisabeth, Jorunn Gislaug og Jorunn. Foto: Dordi J H

Arndis, Jenny og Ingeborg ved kaffebordet. Foto: Dordi J H

Publisert: 24. september 2022, 22:38