Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Valg 2023: – No må dere kome på banen!

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. september 2022

Det er Odd Arild Sande som brukar Jon Leirfalls berømte utsagn for å få folk til å engasjere seg i politikken.  Eit år fram i tid er det nytt kommuneval, og Sande fortel at Surnadal AP alt er godt i gang med nominasjonsprosessen.  Om ikkje lenge må han ha lista klar med 27 namn – no har vi rundt 20 namn klare, men vi slit med å få med kandidatar frå utkantane.

Sande forklarer at nominasjonskomiteen som han er leiar for har lagt stor vekt på både geografisk spreiing og han er tydeleg på at dei vi ha med kandidatar med både fagleg breidde og frå alle samfunnslag.  No etterlyser han lokale kandiatar som har lyst til å bli med på laget – ikkje minst seier han at todalingane må kome på banen, dersom dei vil ha eit ord med i laget i politikken.  Det er behov for folk i alle aldrar, og av begge kjønn.  Spesielt er det behov for unge damer, og vaksne i 30-40 årsalderen.  Og som sagt er det spesielt kandidatar frå utkantane som det er for lite av på lista.  No må utkantane kjenne si besøkelsestid og lansere aktuelle kandidatear, seier Sande.  Snart går toget og da er det viktig å ha dyktige kandidatar på laget – som har både «ståpåvilje» og gode idear å bidra med.  Har du lyst til å være med så kan du ta kontakt med Odd Arild Sande – enten på telefon 916 13 154 eller e-post: oasnordvik@gmail.com 

Odd Arild er forresten mesta todaling sjølv!  Han fortel at han budde eit års tid i Todalen i sin ungdom, og at han og søstra Ingrid gikk eit år på Todalen skule. Sidan den tida har han budd fleire plassar rundt i Noreg, men bur no i Pehagan på Nordvik. Odd Aril er pensjonert rektor frå Øye skule, og syslar no mellom anna med sitt politiske engasjement for Arbeiderpartiet. 

Surnadal arbeidarparti er medlem i Todalen.no

Først publisert: 20. september 2022, 07:37 - Sist oppdatert: 21. september 2022, 06:52