Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal skal bli eit demensvennleg samfunn

Jon Olav Ørsal Måndag 19. september 2022

Måndag kveld inviterte Surnadal demensforening og helselag politikarane i Surnadal til å delta på kurset «eit demensvennleg samfunn». Det vil seie at demensforeninga og kommunen hadde pussa støvet av ein avtale dei gjorde i 2015 om at dei i lag skal invitere tilsett i bedriftene i Surnadal til å gjennomføre kurset.

Ordførar Margrete Svinvik og leiar i Surnadal demensforening og helselag Liv Botten. Foto Jon Olav Ørsal

Betre seint enn aldri, og difor starta Surnadal Demensforening og helselag med å invitere alle dei 27 medlemane i kommunestyret til å delta på kurset. Eit tital kommunestyrerepresentantar responderte på invitasjonen og møtte saman med ei gruppe frå demensforeninga til kurskveld i sjukeheimens kantine.
Ordførar Margrete Svinvik ønska velkomen og sjukepleiar Heidrun Solstad var kursleiar og sørga for gjennomgang av kurset som Nasjonalforeninga har utvikla nettopp med tanke på køyring av slike kurs i kommunane.  Heile 140 kommunar har da også respondert og gjort avtale med Nasjonalforeninga. 

I Noreg reknar ein med at det no er rundt 100.000 personar som har utvikla ein eller anna demenssjukdom – setter ein dette i eit surnadalsk perspektiv så var det i 2020 heile 144 som hadde diagnosen demens her i kommunen.  – Med aukande antall eldre i tida framover så reknar ein med at dette talet har passert 200 i 2030.
Demens er ikkje ein sjukdom som vi kan kurere ved bruk av medisin – tvert i mot er det ein sjukdom som vi må lære oss å leve med og lære oss å ta hensyn til.  Difor er det så viktig at vi lærer oss korleis dette kan skje, og kva vi kan gjera for at vi hanterer demenssjuke på ein verdig og respektfull måte.  Vi veit at dei fleste som lir av sjukdomen bor heime den første tida når dei klarer seg sjølve.  Seinare i sjukdomens forløp må dei ha hjelp av familie og venner – og den siste tida er hjelp frå institusjon naudsynt. 

Kurset sette søkelyset på samanhengar og korleis sjukdomen utviklar seg.  Gjennom opplæring på arbeidsplassane kan ein oppnå at ein utviklar løysingar og prosessar som kan være til hjelp som aukar forståinga for alle partar. 
Kurset var både lærerikt og litt til ettertanke – kommunen har no forplikta seg til å halde slike kurs både til enkeltbedrifter og yrkesgrupper og absolutt matnyttig.  

Kursdeltakarane samla rundt bordet på kantina på Surnadal sjukeheim. Foto Jon Olav Ørsal

 

Surnadal demensforening og helselag er medlem i Todalen.no 

Først publisert: 19. september 2022, 21:17 - Sist oppdatert: 20. september 2022, 07:38