Kløvertur på Kvennset
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 21. november. Start frå Matkroken kl. 11:00.
Vi fann 9208 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 21. november. Start frå Matkroken kl. 11:00.
Neste veke vil Surnadal AP presentere partiet liste til kommunevalet neste år, men alt i dag presenterte partiet forslag til listetoppar. Ved valet i 2023 blir Annett Ranes ordførarkandidat og Helge Røv blir varaordførarkandidat – akkurat som for 4 år sia. Det var Odd Arild Sande, som er leiar i nominasjonskomiteen, som presenterte nominasjonskomiteens ordførarkandidatar for den lokale pressa i dag. Han fortalte at dei starta jobben alt i mai og har lagt ned mykje arbeid for å finne kandidatar til partiets liste ved kommunevalet i 2023.
I år satsar Trimgruppa på ein ny og kreativ vri med å lage eein eigen og lokal variant med julekalender, og da er det sjølvsagt gevinstar av den lokale og kortreiste typen. Det kan være lokalprodusert handtverk, mat, bakst eller kunst – og sjølvsagt mukje anna rart som skal gjera det spennande å «opne luka» […]
Sanitetsforeininga i Todalen legg til rette for mange gode møteplassar i bygda – det er kjekt og viktig! Både strikkekaffe og kløvertur er lågterskeltilbod og er opne for alle.
Det var mange som nytta høvet til å stikke innom Todalshytta for å sikre seg ein porsjon med «kjøtt & påsse». Todalshytta har prøva seg med litt husmannskost på menyen innimellom travle dagar med mykje gjestar. Tidlegare har det vore både sildball, potetball, tjukkerter og i dag altså kjøtt & påsse.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 14. november. Start frå Matkroken kl. 11:00.
Neste laurdag er du velkommen til Thaibuffet på Todalshytta. Laurdag 19. november er det nemleg klart for ein heilt spesiell dag på Todalshytta. – Lokale krefter frå Thailand har sett saman det beste av råvarer og forskjellige rettar fra eit smaksrikt land med tradisjonar. Her blir det alt frå vårruller – biff – kylling – supper – scampi – søte og sterke smakar i ei god blanding.
Dei siste par vekene har det vore tømmerdrift i liene ovafor Husby, og no er jobben gjort og utstyret er på veg til neste destinasjon. Det er rundt 1250 m3 med gran som er hogge dei siste vekene, med 2 hogstmaskiner og ei maskin for nedkjøring i full svaing har det gått kjapt unna. Tømmeret […]
Kari Løvendahl Mogstad har opplevd spiseforstyrring innafor eigen familie, og har skrive bok om sine opplevingar saman med si dotter Selma. No kjem den utflytta Surndalingen «heim» for å fortelje om si erfaring med denne sjukdomen og for å bli bokbada. Torsdag 1. desember arrangerer Surnadal demensforening og helselag bokbad, der Kari Løvendahl Mogstad kjem for å presentere boka «Vår vei ut» som ho og dottera Selma har skrevet i lag. Det er Kari Evensen, som sjølv er sjukepleiar, som skal bokbade Mogstad.
Vil du gjøre søndagsmiddagen lettvint, så er det berre å ta turen til Todalshytta som søndag byr på skikkeleg god husmanskost til middag – nem lig kjøtt & påsse. Serveringa startar søndag kl 14:00 og held på til kl 17:00. Bestill middag på telefon eller SMS på 929 97 550 til Arve Evensen.
Det er forlengst ein god tradisjon av den bilane som Halsbua/Matkroken bruka til utkøyring av varer heiter «Støvbrettet». Det grip heilt attende til 1949 da faren til Terje Nordvi, Edvart kjøpte ein bruka A-Ford 1946-modell til føremålet. Bilen var bruktimport frå England og vart bygd om til pick-up i Trondheim. Edvart Nordviks kommentar når han […]
Laurdag 5. desember blir det skikkeleg heildags bursdagslag for kulturhuset. Egentleg var 20-årdagen den 18. jnauar, men da var enno alt usikkert rundt handteringa av pandemien og usikker smittefare. Men no er altså alt klart, og kulruturavdelinga i kommunen kunne i dag presentere eit skikkeleg og heildags program for den lokale pressa.