Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredrikkekaffe med godt oppmøte – kløvertur i godt ver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. november 2022

Sanitetsforeininga i Todalen legg til rette for mange gode møteplassar i bygda – det er kjekt og viktig! Både strikkekaffe og kløvertur er lågterskeltilbod og er opne for alle.

Pust i bakken og matpause. Med på turen var: Berit, Liv Jorunn, Helga, Jorunn, Åse, Arndis, Helen. Foto: Dordi J H

Dagens kløvertur gjekk frå Talgøgarden og innover til Svabu i godt ver. Her er det riktig fin skogsveg, men med mange bakkar; både litt fleire og brattare enn det underteikna hugsa! Triveleg kaffepause på hyttetrammen.

Måndag 21. november blir det kløvertur med start frå Matkroken.

Bakels og graut er alltid godt! Eli og Synnøve forsyner seg. Foto: Dordi J H

Laurdag ettermiddag, altså 12. november, var det strikkekaffe i Sanitetshuset – her var det retteleg godt oppmøte! Det vart strikka med liv og lyst, og ikkje minst var det servering av bakels og graut, – det er alltid populært!

Dette var siste Fredrikkekaffeen før jul.

Rundt bordet: Eli, Gro, Dordi, Jorunn, Synnøve, Bodil og Ingeborg. Foto: Dordi J H

Rundt borda: Grete, Arndis, Britt, Eli, Gro, Dordi og Synnøve. Foto: Dordi J H

På heimveg. Foto: Dordi J H.

Publisert: 14. november 2022, 21:55