Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdagskveld med Thaibuffet på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. november 2022

Neste laurdag er du velkommen til Thaibuffet på Todalshytta.  Laurdag 19. november er det nemleg klart for ein heilt spesiell dag på Todalshytta. – Lokale krefter frå Thailand har sett saman det beste av råvarer og forskjellige rettar fra eit smaksrikt land med tradisjonar. Her blir det alt frå vårruller – biff – kylling – supper – scampi – søte og sterke smakar i ei god blanding.

I tillegg spanderer Todalshytta ei flaske Singha,  som er ein kjent Thailandsk øl – til alle som kjem på hytta denne kvelden , verdi Kr. 95,-  Velkomen til ein smaksrik kveld på Todalshytta!
Siste frist for påmelding til Thaibuffet er fredag 18. november til SMS/telefon 929 97 550  –  Arve Evensen
 
Det skjer mykje utover førjulsvinteren – her kan du sjå menyen og datoane som gjeld:

Todalshytta er medlem i Todalen.no 

Først publisert: 12. november 2022, 13:40 - Sist oppdatert: 13. november 2022, 18:53