Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalshytta: Populært med «kjøtt & påsse»

Jon Olav Ørsal Sundag 13. november 2022

Det var mange som nytta høvet til å stikke innom Todalshytta for å sikre seg ein porsjon med «kjøtt & påsse».  Todalshytta har prøva seg med litt husmannskost på menyen innimellom travle dagar med mykje gjestar.  Tidlegare har det vore både sildball, potetball, tjukkerter og i dag altså kjøtt & påsse. 

Familien Bruset/Klungervik vart frista til å kjøpe kjøtt & påsse, og angra ikkje på det. Frå Venstre Monika Klungervik, Jostein Bruset, Sindre Klungervik Bruset og Jorunn Fiske. Foto Jon Olav Ørsal

Det er viktig for oss å finne ut kva folk vil ha, og kva marknaden reponderer på, seier Arve Evensen som er vert på Todalshytta.  Seinare i haust – nærare sagt neste helg, er det Thai-buffé som står på programmet, og sida blir det meir julepreg over menyen, med lutefisk, juletallerken og sågar julebuffé.

Slett ikkje verst med ein porsjon med kjøtt & påsse! Foto Jon Olav Ørsal

Todalshytta er medlem i Todalen.no 

 

Publisert: 13. november 2022, 18:48