Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den store tømmerdrifta er i mål – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 11. november 2022

Dei siste par vekene har det vore tømmerdrift i liene ovafor Husby, og no er jobben gjort og utstyret er på veg til neste destinasjon.  Det er rundt 1250 m3 med gran som er hogge dei siste vekene,  med 2 hogstmaskiner og ei maskin for nedkjøring i full svaing har det gått kjapt unna. 

Tømmeret har vorte henta etter kvart og køyrt innover til Industrikaia det det er lagerplass i påvente av henting med båt for vidare transport.  No er det berre opprydding og uthenting av siste rest etter hogstmaskinene som står igjen.  

No er det siste rest som kjøres ut frå lia ovafor Husby. Foto Jon Olav Ørsal

Det har vore mange hogstprosjekt i Todalen det siste året.  Det starta året med eit større prosjekt i Halanesset, der fleire av skogeigarane nytta høved til å hogge det meste av den hogstmodne grana i området.  I tillegg har det vore eit prosjekt på Hjellnes og eit i Øyalia tidlegare i sommar/haust.  Det er Sollid Skog som har drive hogst i Todalen i år.  

Fin utsikt er det også frå hogstfeltet ovafor Husby.  Skogsvegen som gikk innover lia mot Hyllå (Ja-benken) er intakt også etter tømmerdrifta, slik at ein kan gå rundturen til denne trimposten – enten starte frå Husby og kome nedatt på Flathauan – eller ein kan gå den omvendte vegen og komen nedatt på Husby.

Kjempefin utsikt både utover og innover ved enden av feltet. Turen til Ja-benken vart med dette «ny». Stien er også fullt farbar til fots til tross for at grovt maskineri har frekventert opp og ned, skriv Elinor Bolme i sine kommentarer til biletet. Foto Elinor Bolme

Litt bløtt blir det med bruk av slikt utstyr, men det blir rydda oppatt etterpå. Foto Jon Olav Ørsal

Frå lunningsplassen – hogstfeltet ser vi i lia ovafor. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. november 2022, 14:33