Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kulturhuset 20 år – No blir det heildags feiring

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. november 2022

Laurdag 5. desember blir det skikkeleg heildags bursdagslag for kulturhuset.  Egentleg var 20-årdagen den 18. jnauar, men da var enno alt usikkert rundt handteringa av pandemien og usikker smittefare.  Men no er altså alt klart, og kulruturavdelinga i kommunen kunne i dag presentere eit skikkeleg og heildags program for den lokale pressa.

Den 18. januar var det 20 år sia snaora vart kløpt i kulturhuset – laurdag 3. desember blir det skikkeleg feiring. Foto Jon Olav Ørsal

Denne laurdagen startar programmet med Kaffekonsert i foajeen, parallelt med at kunstutstillinga Haustlys opnar i Finstua kl 12.  Klokka 13 vil klovnen Ko-ko (Tobias Vik) sørge for underhaldninga for dei minste i biblioteket, samtidig som kulturavdelinga inviterer til lansering av bind av Bygdeboka i Svorkasalen.  Bind 5 omhandlar strekninga frå Honnstad til Kvammen – inkludert Vindøldalen og Folldalen.  Den nye Bygdeboka blir nok eit prima julegåvetips hintar Norun Holten som er ein av redaktørane. 

Etter diverse lydprøver og tilrigging utover dagen blir det full fart igjen kl 19.  Ein raud tråd gjennom programmet blir unge vaksne som har utgangspunkt  i kulturhuset eller kulturskulen og som arbeider med musikk i dag – vi kan nemne «Batteri», Anders Larsen og hedda Hansen Berg.  På scena får vi elles sjå lokale heltar med tilknyting til kulturhuset – Karstein Mauset, Tordenskjold songlag og frå regionen eller kan vi nemne Øyvind Weiseth frå Halsa og Jo Sverre frå Rindal. Konferansier på konserter er Svein Sæter.

Lilli Husby, Pål Norman og Norunn Holten framfor kulturhuset – laurdag 3. blir det feiring. Foto Jon Olav Ørsal

Men det er ikkje slutt med dette – kl 22:00 blir det Pubkonsert, blues med Maldito i Foajeen, der surnadalingen Gard Rognskog Nødset er trommis.  Han er også «fostra» i kulturskulen i Surnadal.   Det er faktisk mykje å ble seg til i jubileumsprogrammet, og billettar til jubileumkonserten er alt lagt ut.  Inngang til pubkonserten kjøper du i døra.

Publisert: 9. november 2022, 18:53