Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt «Støvbrett» – nr 17 i rekkja sia 1946

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. november 2022

Det er forlengst ein god tradisjon av den bilane som Halsbua/Matkroken bruka til utkøyring av varer heiter «Støvbrettet».  Det grip heilt attende til 1949 da faren til Terje Nordvi, Edvart kjøpte ein bruka A-Ford 1946-modell til føremålet.  Bilen var bruktimport frå England og vart bygd om til pick-up i Trondheim.  Edvart Nordviks kommentar når han fekk sjå bilen var at «han liknar jo mest på eit «støvbrett».  På den tida fekk alle bilane utnamn, og dermed vart og namnet på denne bilen for «Støvbrettet».

Støvbrett nr 17 står det på bakluka på den nye bilen som vart levert denne veka. Foto Jon Olav Ørsal

Og støvbrettet var namne på alle bilar som har gjort teneste i varetransport for L. Hals Eftf som i dag er kalla Matkroken, da den i dag har kjedetilknyting til daglevarekjeda Matkroken i Coop-regi.  I starten var desse «støvbretta» bruka til å køyre ut varer til kundane og kanskje litt hentinga av varer av ymse slag inn til butikken. 

Oppgjennom åra har det etter kvart vorte mange «støvbrett» som har gjort teneste for butikken – og den nye bilen som vart levert for ei vekes tid sia er difor «støvbrett» nr 17.  Det er ein Toyota Landcruiser 2022- modell.  Terje Nordvik fortel at alle «Støvbretta» så nær som dei 3 første har vore fabrikknye bilar.  Oppgjennom tida har det vore mange forskjellig bilmerke og modellar som har gått i butikkens teneste.  Nedafor har vi sett opp ei liste som viser rekkjefølge, merke og modell på alle bilane.  Det er altså 15 bilar som føyer seg inn i rekkja mellom den første A-Forden og den siste til no som er ein Toyota Landcruiser.  

Nybilen framfor drivstoffpumpa på HalsOil-pumpa framfor butikken på Kvennset. Foto Jon Olav Ørsal

Oversikt over alle «Støvbretta» som har vore i Halsbuas teneste i perioden etter krigen:     

Publisert: 10. november 2022, 12:30