Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2023

Vi fann 91 artiklar i dette arkivet.


Seniorfilmklubben startar opp att med ein «fabelaktig» film

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. september 2023

Seniorfilmklubben på Surnadal kulturhus startar for fullt att onsdag 27. september klokka 12:00, med ein fabelaktig film! Filmklubben, som er open for alle over 16 år, hadde rett nok ein liten tjuvstart denne veka, da dei i samarbeid med Surnadal demensforening og helselaget viste flimen «Iris» som ei markering av «Alzheimerdagen».


Tapt og funnet – joggesko

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. september 2023

Saknar du en Hoka joggesko, så er det kanskje denne du leitar etter?  Ein sko vart funnen på Kvennset for eit par dagar sia.  Skoen hang da på ei brøytestikken mellom Sandstadkrysset og Matkroken i Todalen.  Dersom du sakanar ein Hoka sko, så får du han att dersom du tek kontakt med Matkroken Todalen.


Septikktømming pågår – ferdig om eit par veker

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. september 2023

Det er firmaet Norva frå Stryn som har tømmeavtale med Surnadal kommune om septikktømming.  Septikktankane blir tømt annakvart år, og i desse dagar er det to år sia sist.  Tømminga var fort gjort, og foregår på den måten at ein spesialbil syg opp innhaldet i septikktanken, der dei kjører ein liten renseprosess og tappar vatnet attende til septikktanken.  Bilen er som eit lite renseanlegg og skil tørrstoffet frå vatnet.  


Ønsker forslag til kandidatar til «eldrearbeisprisen» 2023

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. september 2023

«Eldrearbeidsprisen» vart etablert i 2011. No ønsker Surnadal kommune å få inn forslag til kandidatar for «eldrearbeidsprisen» 2023. Prisen skal gå til ein person, eit lag eller ei forening som har utmerka seg pisitivt i ulønna eldrearbeid. 


Fjellgruppa tok turen til Søyådalen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. september 2023

Vêrgudane hadde bestemt seg for at det skulle vere mykje regnvêr i går, så Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin planlagde tur til Norskå i Tingvoll kommune vart avlyst. Men da bestemte dei 14 fjellvandrarane seg for å ta ein alternativ tur til Søyådalen, for dei er ikkje «vêrpyser», og tur ville dei ha uansett!


Øygardshalsen – eit fint turmål

Dordi Jorunn Halle Tysdag 19. september 2023

Heile tretten turdeltakarar stilte på kløverturen til Øygardshalsen måndag 18. september. Turen gjekk frå Vang skiarena etter fin og grei stiga opp til Øygardshalsen.


Markerer den internasjonale Eldredagen på Hammerstuene

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 19. september 2023

Surnadal Pensjonistlag og Surnadal Eldreråd markerer den internasjonale Eldredagen 2023 i Surnadal kommune med foredrag og middag på Hammerstuene torsdag 5. oktober klokka 13:00. 


Tett tak til vinters på kyrkja

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. september 2023

Arnt Erik Otnes og Frank sPoon Botten rigga seg til for takreparasjon ved Todalen kyrkje.  Nokre lause steinar har forsvunne i løpet av året, og no er det på tide å få reparert dette.  Arnt Erik og Frank er vaktmestrar, og dermed ansvarleg for tak og anna vedlikehald ved kyrkja.


Bli med stavgangarane til Røssmoen og Svartvassområdet

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 19. september 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 21. september klokka 11:00 til stavgangtur frå Skei, over Røssmoen og vidare til Svartvassområdet. Oppmøte ved Coop Extra på Skei klokka 11:00.   


Hjortjakta så smått i gang – Erik tok storhjorten

Jon Olav Ørsal Måndag 18. september 2023

Hjortjakta er forlengst komen i gang – jakttida for hjort er faktisk fra 1. september til 23. desember her i Surnadal kommune.  Hittil har det ikkje vorte så mykje resultat, men det kan vil sjå ut som hjorten er på trekk utover dalføret etter kvart.  Så langt har det vore mest hjortfall «ovafor Falla», der […]


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. september 2023

Fredag 22. september, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer. 


Lagseriestemne med lærerikt besøk

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. september 2023

I går ettermiddag hadde barne- og ungdomsgruppa i Todalen invitert til lagseriestemne på Bordholmen. Oppmøtet var ikkje det heilt store, men dei som var der fekk ein fin kveld. For etter at sjølve lagseriestemnet var ferdig, kom Sigve og Per Holten på besøk, for å lære bort litt om kulestøyt og diskoskast, to øvingar, få eller ingen av dei frammøtte hadde prøvd før!