Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Septikktømming pågår – ferdig om eit par veker

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. september 2023

Det er firmaet Norva frå Stryn som har tømmeavtale med Surnadal kommune om septikktømming.  Septikktankane blir tømt annakvart år, og i desse dagar er det to år sia sist.  Tømminga var fort gjort, og foregår på den måten at ein spesialbil syg opp innhaldet i septikktanken, der dei kjører ein liten renseprosess og tappar vatnet attende til septikktanken.  Bilen er som eit lite renseanlegg og skil tørrstoffet frå vatnet.  

Jan Melsåsen fortel at bilen er utstyrt som eit renseanlegg som skil tørrstoff frå vatnet. Foto Jon Olav Ørsal

Tørrstoffet samlar dei i ein tank på bilen, og så blir det lasta over på tilhengaren når bilen er full, eller når det lir til kvelds. Når både tilhengar og bil er full så køyrer dei til Vestnes for å deponere lasten i eit regionalt miljøanlegg som behandlar tørrstoffet vidare – og det blir faktisk til blomsterjord etter eit par års behandling.  

Dei to på bilen har som sagt Norva i Stryn som arbeidsgjevar – Jan Melsåsen kjem frå Hornindal og August Meek kjem frå Høyanger.  Dei to har skiftarbeid, og arbeider lange dagar den veka dei jobbar, medan dei er fri annakvar veke. Når dei jobbar her i kommunen bur dei på Hammerstuene på Surnadalsøra. Septikkbilen har vore her ei vekes tid no, og treng vel eit par veker til før dei er ferdige. 

Spesialbil for handtering av septikktømming – foto Jon Olav Ørsal

Har ei bønn!
Jan og August presierer at det er viktig at tanken er klargjort for tømming – den må graves fram slik at det blir lettvint å kome til.  Og så er det våtservietter og filler som blir kasta i do.  Dei lagar mykje trøbbel når dei skal tømme tanken – dei minner om at dette er restavfall!

 

 

Publisert: 20. september 2023, 11:30