Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2023

Vi fann 91 artiklar i dette arkivet.


Stavgangarane tek turen til Vindøladalen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 26. september 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Vindøladalen torsdag 28. september. Oppmøte ved bommen på Holtamoen klokka 11:00 for samkøyring derifrå. 


Takk for alle bidrag til Demensaksjonen

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. september 2023

Da er siste bøssa komen inn og oppteljinga etter Demensaksjonen i førre veke er ferdig – til saman kom det inn 141.365 i Surnadal kommune, der Surnadal Demensforening og helselag og Åsskard helselag har organisert innsamlinga.


Godver og triveleg kløvertur

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. september 2023

Siste måndagen i september vart ein retteleg finversdag; sol og landvind! Ideell dag for kløvertur i solvendt li.


Saknar du katta di?

Jon Olav Ørsal Måndag 25. september 2023

Frå tid til anna blir det etterlyst katter her på nettsida.  Det kan være katter som har vore borte på vekesvis som blir etterlyst, og enkelte gong kjem dem fram att etter fleire vekers fråvær. I dag etterlyser vi ein katteeigar.  Anders Karlsen observerete ei fin katte – kvit og orange – som vart observert i Romålia – i området mellom Øverskaret/Kjippå og Ora.


Fellesrådet treng reinhaldar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 25. september 2023

Det er ledig stilling som reinhaldar i kyrkjene i Surnadal og på kyrkjelydshuset på Skei. Reinhaldsbehovet vil varierere, så ein må rekne med å få tildelt andre oppgåver der ein samarbeider med kyrkjetenarane.


Inviterer til «Felles middag» på onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 25. september 2023

Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 27. september klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.


Inviterer til opning av medlemsutstilling

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. september 2023

Torsdag 28. september klokka 18:00 inviterer Surnadal kunstforening til opning av medlemsutstilling i Galleri Finstuå på Surnadal kulturhus, der fjorten av medlemmane i foreininga stiller ut arbeida sine. Så her blir det mykje varierande og spanande kunst å få sjå. 


Kløvertur til Svabu

Dordi Jorunn Halle Sundag 24. september 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 25. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!



Fjellgruppa prøver seg på Norskå att

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 23. september 2023

Tysdag 26. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Sidan den planlagde turen sist tysdag til Tingvoll og Norskå «regna bort», prøver dei altså no på tysdag på nytt. Blir vêret like dårleg denne gongen, finn dei eit anna turmål på kort varsel. 


Stavgangarane trossa vêret

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. september 2023

I går hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgang langs elva Surna og  over Røssmoen. – Ordtaket «Det finnes ikkje «dåle ver,  berre dåle kle»  vart sett på prøve i dag, og hadde det ikkje vore ein planlagt tur hadde vi kanskje ikkje kledd oss i oljehyre og gått på tur, kan Svein Tjelle i Stavganggruppa fortelje. 


Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 21. september 2023

Todalen sanitetsforening melder at laurdag 23. september er det strikkekaffe i tidrsommet 13:00 til 16:00. Alle er velkomne, med eller utan handarbeid!