Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe – triveleg ettermiddag i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Laurdag 23. september 2023

Kaffelag, triveleg prat og basarstemning i Sanitetshuset – altså ein kjekk laurdagsettermiddag.

Synnøve Hole Talgø og Jorunn Hals Ørsal var vertinner, og dei serverte både graut, bakels og brownies – alt smaka riktig så godt! Og det var både god prat og triveleg stemning rundt borda. 

Det var også sal av av lodd, mange gevinstar, og nesten alle gjekk heim med gevinst.

Det blir ny strikkekaffe om tre veker.

Jenny vann mange gevinstar mellom anna dette berenettet med artig tekst. Og det passa utruleg godt til Jenny – for ho er ein habil strikkar og er alt ferdig årets julegåver. Foto Dordi Jorunn Halle.

Klart for loddsalg – det kom inn ein god slump pengar til sanitetsforeninga. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Sanitetens veke

Veke 39 er Sanitetens veke med mange arrangement landet over i regi av Norske Kvinners Sanitetsforening. Tema for Sanitetens veke i år er omsorgsberedskap for trygge lokalsamfunn, og startskottet for temaveka var altså i dag.

Oppfordringa frå NKS er:

–        Ikkje vent og sjå, ring 113

–        Sjekk røykvarslaren med jamne mellomrom

–        Bruk refleks for å bli sett i trafikken

–        Ha eit beredskapslager heime som sikrar deg i tre døgn

I dag var det strikkekaffe – det er nok ikkje omsorgsbereskap, men det er «beredskap» for omsorg og omtanke! Det er viktig både for fysisk og psykisk helse med sosiale møteplassar i lokalsamfunnet. Her gjer både Sanitetsforeninga og andre lag og organisajonar godt arbeid for folk i bygda!

Her er Grethe, Berit og Jenny. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Publisert: 23. september 2023, 19:23