Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangarane trossa vêret

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. september 2023

I går hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgang langs elva Surna og  over Røssmoen. – Ordtaket «Det finnes ikkje «dåle ver,  berre dåle kle»  vart sett på prøve i dag, og hadde det ikkje vore ein planlagt tur hadde vi kanskje ikkje kledd oss i oljehyre og gått på tur, kan Svein Tjelle i Stavganggruppa fortelje. 

Litt vått, men på tur skal vi! Foto: Svein Tjelle

Men tur vart det altså uansett for dei 16 frammøtte.

Mykje vatn i elva også. Foto: Svein Tjelle

På turen vart vi oppringt frå Treffastt Surnadal på Frivilligsentralen, og dei inviterte på nysteika sveler og kaffe som vi takk ja til, kan Svein vidare fortelje. 

Vått og sleipt. Foto: Svein Tjelle

– Eit godt alternativ til nistepakke i regnet, avsluttar han.  

Takk til Treffast Surnadal for invitasjonen! Foto: Svein Tjelle

Fint å vere inne i styggveret! Foto: Svein Tjelle

Godt med kaffe og bakels inne i dårleg ver! Foto: Svein Tjelle

 

Publisert: 22. september 2023, 06:30