Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til opning av medlemsutstilling

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. september 2023

Torsdag 28. september klokka 18:00 inviterer Surnadal kunstforening til opning av medlemsutstilling i Galleri Finstuå på Surnadal kulturhus, der fjorten av medlemmane i foreininga stiller ut arbeida sine. Så her blir det mykje varierande og spanande kunst å få sjå. 

Utstillinga vil vere open frå torsdag 28. september og fram til og med torsdag 12. oktober. 

Mette Ormset står for opninga, medan Alex Trio vil levere fengande rytmer!

Surnadal kunstforening ønsker alle velkommen til opninga og til å besøke utstillinga i Finstuå!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 24. september 2023, 20:20