Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godver og triveleg kløvertur

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. september 2023

Siste måndagen i september vart ein retteleg finversdag; sol og landvind! Ideell dag for kløvertur i solvendt li.

Turen gjekk etter skogsvegen frå Talgøgarden og innover lia på nordsida av Storelva; kjøle fin veg, men med mange bratte bakkar.

Kjekt å treffast! Her ser vi: Helga, Kari, Arndis, Liv Jorunn, Karen Johanne, Dordi, Synnøve, Åshild, Marit, Helen, Jorunn og Åse. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Vel framme på Svabu vart det lang kaffepause, reint så triveleg. Og heimturen gjekk både raskt og lett i lange unnabakkar!

Ny kløvertur om ei veke, turrute blir gjort kjent seinare.

Fleire bilete frå ein fin haustdag:

Skjerdingfjellet og Snøfjellet sett frå ein uvanleg posisjon. Foto: Dordi Jorunn Halle.

På tur heim att – godt å ha turfølge! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Samling før start! Alle gler seg til tur! Foto: Marit Sanden Søyset.

 

Publisert: 25. september 2023, 21:35