Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa prøver seg på Norskå att

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 23. september 2023
Tysdag 26. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Sidan den planlagde turen sist tysdag til Tingvoll og Norskå «regna bort», prøver dei altså no på tysdag på nytt. Blir vêret like dårleg denne gongen, finn dei eit anna turmål på kort varsel. 
 
Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30 for samkøyring. Parkering ved avkøyringa til Vågbø.
 
Vi har med kjentfolk som går først opp på Norskå, ein fin tur, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa. – Ta med mat, drikke, gode sko og det vanlege gode humøret!, legg han til.
 
Fjellgruppa ønsker vel møtt!
 
 

Medlem i Todalen.no –


 
Publisert: 23. september 2023, 09:33