Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Søyådalen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. september 2023

Vêrgudane hadde bestemt seg for at det skulle vere mykje regnvêr i går, så Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin planlagde tur til Norskå i Tingvoll kommune vart avlyst. Men da bestemte dei 14 fjellvandrarane seg for å ta ein alternativ tur til Søyådalen, for dei er ikkje «vêrpyser», og tur ville dei ha uansett!

Søyådalen. Ser Blånebba og Trollhøtta. Foto: Anne V. Einum

Så da vart det altså tur til Søyådalen i går, og rapporten frå turen fortel at det var eit særs klokt val, og dei fekk ein fin tur gjennom seterdalen, som også har sin sjarm i regnvêr.  

Holtasetra og Klokkargardsetra. Foto: Anne V. Einum

Mary og Lars Gudmund Røen hadde mykje interessant å fortelje om setrene og dalen heiter det i rapporten frå turen.

Opp mot Mosetra. Foto: Anne V. Einum

Det var ein lett tur, først etter skogsveg langs austsida av Søyåa til Holtasetra, deretter over ei bru til vestsida av Søyåa. Så bars det over på ein steinete setersti opp til Mosetra. Her har og Øyskogsetra stått (hytte der no).  Følgde seterstien vidare nordover til Vassendsetra, der det no står ei hytte etter at Vassendsetra vart tatt av snøskred i 1979″, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa. 

Bytbakken. Foto: Anne V. Einum

– Vi passerte og tuftene etter ei hytte som under det same skredet, vart flytta heilt til den andre sida av elva! Ved enden av seterstien kom vi til Mellingsetra, som og vart tatt av det store snørskredet i 1979. Fint å sjå at både seterskjelet og fjøset vart bygd opp att slik dei var!, held ho fram.   

Utedassen har sett sine beste dagar. Foto: Anne V. Einum

Godt å få krype inn i løa på Mellingsetra, der nista og kaffien smaka ekstra godt, og mykje «gøytt» var å høyre!, fortel ho vidare. 

Tufter etter hytta som vart tatt av snøskredet i 1979. Foto: Anne V. Einum

Mange eldgamle kløvmeisar hang langs veggene inni løa, og Lars Gudmund formidla kunnskap om korleis kløvmeisane vart bruka til å fraktevarer med på hesteryggen, legg ho til. 

Mellingsetra bygd opp att etter snøraset i 1979. Foto: Anne V. Einum

Frå Mellingsetra gjekk turen etter skogsveg til parkeringsplassen, og da dei kom dit, kom det også ei skikkeleg floskur, men heldigvis var fjellvandrarane vasstette! 

Godt med matpause i Mellingseterløa. Foto: Anne V. Einum

– Takk for fin og interessant tur!, avsluttar Anne. 

Publisert: 20. september 2023, 06:55