Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Seniorfilmklubben startar opp att med ein «fabelaktig» film

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. september 2023

Seniorfilmklubben på Surnadal kulturhus startar for fullt att onsdag 27. september klokka 12:00, med ein fabelaktig film! Filmklubben, som er open for alle over 16 år, hadde rett nok ein liten tjuvstart denne veka, da dei i samarbeid med Surnadal demensforening og helselaget viste flimen «Iris» som ei markering av «Alzheimerdagen».

Men no har filmklubben handa på rattet åleine og skal vise ni filmar fram mot jul. Alle filmane tek til klokka 12:00 og blir vist i kinosalen på Surnadal kulturhus. 

Først ute er filmen «The Shape Of Water», som er ein av dei nydelegaste filmane laga dei siste åra. Filmen stakk difor av med fleire oscarprisar i 2018, mellom anna for «Beste film».

Sjølv om historia, om den døve reinhaldaren Elisas kamp for å frigjera eit sjøuhyre frå nokon som vil det ille, har sine spenningstoppar, liknar «The Shape Of Water» meir ein fargerik fabel. Vel verdt å få med seg!

Neste film i Seniorfilmklubben er den sorgmuntre sjarmbomba «Alle Hater Johan», som blir vist på Surnadal kino 11. oktober klokka 12:00.


Seniorfilmklubben får gjennom medlemskapen i Norsk Filmklubbforbund tilgang til å vise både gammal og ny film. Billettprisen er den same for alle filmane, og første betaling blir rekna som innbetaling av medlemskap. Melder du deg inn med før november, vil du også få tilbod om å sjå to filmar gratis før jul.

Publisert: 21. september 2023, 14:18