Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2023

Vi fann 99 artiklar i dette arkivet.


Inviterer til «Damenes aften»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. august 2023

Laurdag 7. oktober klokka 19:00 inviteres det til «Damenes aften» i Todalen ungdomshus. – Velkommen til en sosial kveld for hele bygdas damer!, heiter det i invitasjonen vi har fått tilsendt. 


Stavgangarane tok turen til Søyådalen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 24. august 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur gjekk i dag til Søyådalen. Målet for dei 19 stavgangarane var Holtasetra, og alle saman nådde turmålet i finvêret.  


SV er for jordvern og norsk matproduksjon

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 24. august 2023

Tysdag 22. august hadde Surnadal SV besøk av Birgit Oline Kjerstad, stortingsrepresentant for SV frå Møre og Romsdal og Marit Aklestad, som er 1. kandidaten til Møre og Romsdal SV til fylkestingsvalet.


Alt klart til Søyacupen 2023

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. august 2023

Laurdag er det klart for kommunen sin desidert største fotball-cup, når IL Søya inviterer til Søyacupen 2023. Cupen startar klokka 09:30 og er ferdig rett før 17:00 på ettermiddagen. Det er i år 69 påmeldte lag, og det skal spelast 103 kampar. 


Lokale Byggmakker-butikker står støtt

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. august 2023

Byggebransjen opplever tøffere tider og byggevarekjeden Byggmakker varslet 22. august at dette nå får konsekvenser for dem, med mulige nedbemanninger og nedleggelser av enkelte egeneide varehus. Lokalt står imidlertid de frittstående Byggmakker-butikkene på Tingvoll, Sunndalsøra og Surnadal støtt.


Fjellgruppa med finvêrstur til Innerdalen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. august 2023

I går hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag ein skikkeleg finvêrstur til Innerdalen og Innerdalshytta. – Fjellturar er gauast i godver!, det vart vi samde om da 30 Fjellgruppefolk la i veg opp brattbakkane frå Virumdalen til Innerdalen i går, fortel ein godt nøgd Kristian Ranes i Fjellgruppa. 


Lite valkamp og mykje «vaksenopplæring»

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. august 2023

Tysdag ettermiddag og kveld var stortingsrepresentant Rasmus Hansson (MDG) på lynvisitt til Todalen som eit innslag i valkampen og for å treffe listetoppar i MDG – Miljøpartiet De Grønne – sitt lokallag i Surnadal eit følgje på 7-8 personar. I staden for å møte veljarar på stand, så bar det først på gardsbesøk til Ola og Anne Berit Kvendset, og vidare til Gammelfabrikken å høyre kva Talgø driv på med.


Stavgangarane tek turen til Holtasetra torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. august 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 24. august klokka 11:00 til ny stavgangtur, og denne gongen går turen til Holtasetra i Søyådalen. – Parkering ved brua, der vi og tek matrast etter turen, seier Svein Tjelle i Stavganggruppa.  


SJFF inviterer til aktivitetsdag laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. august 2023

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer til aktivitetsdag i Svartvassområdet laurdag 26. august frå klokka 12:00. Arrangementet er gratis og ope for alle! 


Treffast startar opp att etter ferien

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. august 2023

Tysdag 22. august startar Treffast Surnadal opp att etter ferien med tur til Steinløa. Oppmøte ved bommen opp til Skeisnebba hyttefelt klokka 11:00, for samkøyring opp til toppen. Derifrå går turen til fots til Steinløa. 


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. august 2023

Fredag 25. august, mellom klokka 12:00 – 16:00,  inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer. 


Sponsa nytt partytelt – laga hagefest

Jon Olav Ørsal Sundag 20. august 2023

Forleden arrangert Surnadal Demensforening og Helselag sensommerfest i nyinnkjøpt partytelt. Inviterte var beboerne på sjukeheimen som sette stor pris på tiltaket, forteller Liv Botten. På besøk kom også Liv Dalsegg og Arne Berset fra Sparebank1 Nordmøre som er foreningens trofaste sponsor, og de hadde med seg en sjekk på 20.000 for å finansiere partyteltet.