Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med finvêrstur til Innerdalen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. august 2023

Idyll i Nerdalen. Foto: Anne V. Einum

I går hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag ein skikkeleg finvêrstur til Innerdalen og Innerdalshytta. – Fjellturar er gauast i godver!, det vart vi samde om da 30 Fjellgruppefolk la i veg opp brattbakkane frå Virumdalen til Innerdalen i går, fortel ein godt nøgd Kristian Ranes i Fjellgruppa. 

Ser mot Renndølsetra. Foto: Anne V. Einum

Dalen og fjella ikring viste seg frå si beste side: stupbratte, spisse, høge, men med grøne lier som skjørt nedetter og vatnet i midten, der toppane stod opp ned, fortel Kristian. 

Furet værbitt fjøs med si historie. Foto: Anne V. Einum

Mykje folk på vegen, og mange tungemål. Innerdalen er nok kjent langt utanfor Nordmøre, legg han til. 

Vakkert inn mot Innerdalshytta. Foto: Anne V. Einum

På Innerdalshytta fekk dei servert bakels med graut og kaffe. – Velsmakande og velfortent, meinte vi, avsluttar Kristian.

Gammalt solsvidd fjøs med sjel og sjarm. Foto: Anne V. Einum

Det vart ein skikkeleg fin dag med mange blide andlet, som takka for laget da dei venta på ferga på Rykkjem, heiter det i rapporten frå turen. 

Publisert: 23. august 2023, 05:56