Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SV er for jordvern og norsk matproduksjon

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 24. august 2023

Tysdag 22. august hadde Surnadal SV besøk av Birgit Oline Kjerstad, stortingsrepresentant for SV frå Møre og Romsdal og Marit Aklestad, som er 1. kandidaten til Møre og Romsdal SV til fylkestingsvalet.

Aklestad har stått på barrikadane for jordvernet i heimkommune Ørsta. Ho har sjølv vakse opp på mjølkebruk i Hjørundfjorden, og kjempar no hardt for ein politikk som kan halde areala og matproduksjonen i hevd også på små og mellomstore bruk, som er godt tilpassa geografi og miljø.

Saman med 1. kandidat Karina Kalvik frå Surnadal SV, var dei tre damene tysdag på bedriftsbesøk på Røv Mølle og Norsk Kvalitetsmat AS.

Først gjekk turen til Røv Mølle, der Lina og Tove Mogstad orienterte om historia til mølla og dagens drift. Etter orienteringa vart det prata om skattlegging av eigendomar og matbereidskap. Til slutt serverte mor til Lina og Tove bakels med graut!

Klare for bedriftsbesøk hos Røv Mølle. Foto: Surnadal SV

Deretter gjekk turen til Norsk Kvalitetsmat, der dagleg leiar, Ivar Næss og Kristin Merete Fosseide Bjørnås var vertskap. I sitt foredrag fortalte Ivar om bedrifta, som far hans, Rolf i si tid starta. Ivar sjølv har vore med i bedrifta sidan 997 og fram til det som i dag er Norsk kvalitetsmat AS. 

I dag produserer dei fiskematprodukt i fleire kategoriar og skaldyr til Norsk dagligvarehandel. Visjonar for framtida er mellom anna å få auka forbruket av sjømat, Ivar refererte her til kosthalds- og bærekraftmåla.

Kjerstad med bakgrunn frå landbruket, og med oppvekst med ein far som fisker understreka at næringsmiddelindutrien i Norge er den nest største verdiskaparen i fastlands-Norge etter oljen, målt i både i verdiskaping og sysselsetting, og at slike dedikerte verksemder som Norsk Kvalitetsmat AS og Røv mølle er viktige for både arbeidplasser og matsikkerheit både på kort og lang sikt. Kjerstad understreka SV kjempar for reguleringar som sikrar rettferdig fordeling av verdiskapinga mellom råvareprodusent, industri og handel, og sunn transparent konkurranse der det er plass til både små, mellomstore og store verksemder. Til slutt fekk dei servert ein kjempegod burger, sjølvsagt laga av fisk og mykje godt tilbehør!

Frå besøket på Norsk Kvalitetsmat AS. Foto: Surnadal SV

Etter dei to bedriftsbesøka vart det ein tur til Kalkstranda på Glærum. Her møtte dei mangeårig kommunestyrerepresentant Inger Johanne Iversen. Ho og Karina viste fram den flotte stranda som kommunen driftar, før dei tok ei lita orientering om Glærum kalksteinsgruver.

Til slutt vart det tok dei turen til Svinvika, for å gjere greie for Surnadal SV sine tankar om Todalsfjordsprosjektet. Dei gjekk også eit lite stykke oppover starten på Svinvikrunden, slik at Kjerstad og Aklestad fekk sjå litt av «gammel-gammel-vegen» inn til Todalen. 

Besøksrunden vart avslutta med tur opp første delen av Svinvikrunden. Foto: Surnadal SV

Publisert: 24. august 2023, 16:59