Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SJFF inviterer til aktivitetsdag laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. august 2023

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer til aktivitetsdag i Svartvassområdet laurdag 26. august frå klokka 12:00. Arrangementet er gratis og ope for alle! 

Folk frå SJFF fyrer opp i bålpanna og serverer smakebiter av noko av det vår lokale natur har å by på frå jakt- og fisketurane i nærområdet.

Store og små får prøve seg på nokre av dei mange aktivitetane SJFF driv med gjennom året, så dette kan bli ein fin dag for å få prøve nye ting.

Surnadal Frivilligsentral og «Treffast Surnadal» deltek også, saman med SJFF denne dagen

SJFF håper at mange legg turen til Svartvassområdet og slår av ein prat med dei på laurdag!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 21. august 2023, 13:17