Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Treffast startar opp att etter ferien

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. august 2023

Tysdag 22. august startar Treffast Surnadal opp att etter ferien med tur til Steinløa. Oppmøte ved bommen opp til Skeisnebba hyttefelt klokka 11:00, for samkøyring opp til toppen. Derifrå går turen til fots til Steinløa. 

Ta med noko å drikke og litt mat, oppfordrar Ann Kristin N. Bruset i Treffast Surnadal. – Bæra begynner å bli moden, så vil du plukke litt bær på turen, så ta med noko å ha bæra i, legg ho til.  Solvor Røen er guide på turen til Stienløa. 

Arild Hoksnes kjem til Surnadal 

Onsdag 6. september klokka 12:00 kjem Arild Hoksnes til kinosalen på Surnadal kulturhus. Dette er eit gratisarrangement, der Treffast Surnadal og Indre Nordmøre senioruniversitet, med støtte frå Svorka, arrangerer saman.   

Treffast har fast fast møtedag tysdagar og torsdagar i lokala til Surnadal Frivilligsentral klokka 11:00 – 13:00. Tysdagane er fast turdag, når vêret tillet dette. Siste torsdag kvar månad blir det servert gratis middag. 

Sosiale samlingar i lokala til Surnadal Frivilligsentral kvar tysdag og torsdag klokka 11:00 – 13:00. Foto: Treffast Surnadal

Treffast blir frå i haust ein del av «Kom og dans». Da blir det, i samarbeid med Nordmøre Folkehøgskule, kurs i «swing-teknikk». Meir informasjon om dette tilbodet kjem seinara. 

Treffast Surnadal ønsker både gamle og nye deltakarar velkomne!

 

Publisert: 21. august 2023, 08:00