Stavgangarane tek turen til Nauståfossen
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til ny stavgangtur torsdag 29. juni klokka 11:00. Denne gongen går turen til Kårvatn og Nauståfossen.
Vi fann 89 artiklar i dette arkivet.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til ny stavgangtur torsdag 29. juni klokka 11:00. Denne gongen går turen til Kårvatn og Nauståfossen.
Tysdag 27. juni går Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag vårsesongens sin siste tur til Steinløa attom Svarrafjellet. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30.
Måndag 26. juni blir det Kløvertur i Toåa tursti. Oppmøte på Matkroken Todalen klokka 11:00, så går turen derifrå bortover til Hallset bru og vidare oppover Toåa tursti.
Etter halvanna veke med laksefiske i Toåa er vi eigentleg godt nøgd med fangsten, fortel Stig Husby, som er leiar i Todalen Elveeigarlag (TEL). – Vi har lagt med mykje arbeid i å forvalte laksefisket dei siste åra, og tykkjer eigentleg at vi har lykkes bra. Samarbeid Stig fortel at dei denne sesongen har satsa […]
Under Surnadal kommunestyre sitt møte 15. juni, stilte Helge Røv frå Arbeiderpartiet ein interpellasjon til ordføraren med tittelen «Gjenbruk av Todalen skole til utleieboliger». Eitt av spørsmåla frå Røv var å sjå på «… en mulighet for at noe av skolen kan ombygges til boligformål (kanskje kan det være mulighet for 4 leiligheter)…» Det er listekandidatane for Surnadal Arbeiderparti til haustens val, Odd Arild Sande og Bjørn Gunnar Ansnes som står bak forslaget om å bygge om noko av nydelen til leiligheiter.
Etter at Toåa tursti vart etabler så har Todalen Idrettslag lagt St Hans-feiring til anlegget ved gapahuken i Båthølen som er eit flott og sosialt samlingspunkt. Litt duggregn og kald vind utover ettermiddagen begrensa nok omfanget av feiringa, men etter kvart stillna vinden og sola kom fram.
I går inviterte Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til Skjennå. Atten stavgangarar møtte opp på turen frå Åsen og oppover i retning Skjennå.
I samband med dugnaden i ungdomsrommet vart det oppdaga at det har vore gjort hærverk inne i klubbhuset på Bordholmen stadion. Eit pulverapparat, som står i dommargarderoben har fått fjerna sikringen og noko av pulveret er spruta ut. Dette må ha skjedd ein av dei siste dagane.
Setra Drift og Talgø Tradbo har som kjent innleia eit samarbeid om utbygging av leiligheter i Svartvassområdet i Surnadal. Det skjer gjennom selskapet SE-TA Project AS.
Gudstenesta i Stangvik søndag blir møte med særprega profilar. I si siste messe som sokneprest vil Torbjørn Brøske aktualisere Døyparen Johannes – Sankt Hans. Torbjørn har siste året gjort vikarteneste i området – mest i sokna Stangvik, Todalen og Åsskard
Bli med og løp «Stor-rointj» søndag 25. juni. Da arrangerer Sparebank1 Nordmøre «Bankmila» i samarbeid med Surnadal IL, skigruppa som er teknisk arrangør. Banken byr på deltakarpremie til alle som tek runden rundt bygda.
Nordvik Grendalag inviterer til St. Hans-feiring i Nistufjæra fredag 23. juni klokka 18:00. Grendalaget ordnar med varme grillar, men mat og drikke må ein ta med sjølv.