Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2023

Vi fann 89 artiklar i dette arkivet.


Bli med på trim i Trudvang i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 12. april 2023

Da er påskeferien over, og Torsdag 13. april klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fortsatt med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!


WC i randonee i Tromsø denne veka – Erik vart nr 39

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. april 2023

Denne veka er det verdscup i randonee i Tromsø  – i dag er det vertikal som står på programmet og her står sjølvsagt det norske landslaget på strartstreken – medrekna todalingen Erik Kårvatn som denne gongen startar i seniorklassen.  Dermed får han måle kreftene med dei aller sterkaste denne gongen.  


Inviterer til «Viltkveld» med Rolf Langvatn

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 12. april 2023

Todalen hjorteviltområde og Todalen ungdomshus inviterer onsdag 12. april klokka 19:00 til «Viltkveld» med Rolv Langvatn i Todalen ungdomshus. Langevatn har valt å kalle foredraget sitt «Et halvt århundre i norsk hjorteforskning og forvaltning – noen trekk fra utviklingen».



Runda av påska med friluftsgudsteneste

Jon Olav Ørsal Måndag 10. april 2023

Da friluftsgudstenesta på Tjønnmyran runda av med Todalssongen kom det nokre få regndråpar for å markere slutten på det fine påskevêret vi har hatt.  Det var Todalen sokneråd som tradisjonen tru arrangerte friluftsgudsteneste 2. påskedag, og det er faktisk ein like gamal tradisjon at det er finvêr under friluftsgudstenesta.  Mellom 50 og 60 personar var møtt fram og hadde installert seg i gapahuken på Tjønnmyra for å ta del i friluftsgudstenesta.


Ha ein fin dag – og no kjem varmen!

Jon Olav Ørsal Sundag 9. april 2023

Ei lita overrasking og eit ønske om å ha ein fin dag hong urørt på eit skilt i Toåa tursti i dag tidleg.  Ei lita anonym helsing til ein like anonym finnar  – vi opna ikkje så vi veit ikkje kva som stod, men vi skulle kanskje vore dyktigare til å ønskje kvarandre ein god dag, eller eit ønskje om godt vêr.  


Ny driftsleiar på Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 8. april 2023

Anders Mo vart på årsmøtet til Todalen Idrettslag den 15. mars valt til ny driftsleiar på Hett & Svett. I dag var han og leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme, på plass for å ordne dei praktiske tinga i samand med at Anders no tek til i vervet. 


Full trøkk og beinhard påskequiz

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. april 2023

14 lag mobliserte all tilgjengeleg kunnskap til påskequiz på Todalshytta langfredagskvelden, og jammen vart det kamp om posisjonane for ikkje å seie pallplassane etter kvart. Til slutt var det 4 poeng som sørga for ein trygg vinnarplass for det lokale laget Markarampen med 45 poeng.  På dei neste plassane kom Ranes United med 41 poeng og Torkjel & Co på tredjeplass med 40,5 poeng.   


«Kjerringdilten» i strålande vêr

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. april 2023

Vêrgudane varta opp med strålande vêr og kjempe fint skiføre under årets «kjerringdilt. Knapt seksti peronsar tok turen opp til skihytta for å vere med på «Kjerringdilten» og for å få ein fin skitur i det fine påskevêret. Det er driftsstyret for skihytta i Todalen Idrettslag som står som arrangør av «Kjerringdilten». 


Ung kunst til inntekt for Ukraina

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. april 2023

Ei lita solskinshistorie frå skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra i går. Ella Bruset, 10 år frå Lørenskog, med mamma fra Todalen, selde i går, under skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra, bilete til inntekt for Redd Barna i Ukraina. 


Jubileums- og påskesal fortsett – påskeaften er opningstida 10 – 15

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. april 2023

Påskeaftan kan du rivi i med nytt utstyr – så kan du ta ein prøvetur til Tydalsnebba etterpå  – eller kanskje ein tur til Kvennåbotn?   Kårvatn Fjellutstyr rapporterer om eventyrleg sal og har i år ope påskeaftan i tidsrommet 10-15 – Da er det rabatt på det meste i «butikken på låven» – ski, bindinger, […]


Skjærtorsdagsrenn på Nordviksetra i strålande vêr

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. april 2023

Vikarierande pressetalsmann for det tradisjonelle skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra, Oddvar Mikkelsen, har sendt oss ein rapport frå dagens seterrenn. Oddvar kan fortelje at det var strålande vêr og flott skiføre under årets utgåve av Nordvik grendalag sitt seterennet på Nordviksetra.