Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2023

Vi fann 89 artiklar i dette arkivet.


Stem på månadens bilete i mars

Guro Redalen Sundag 2. april 2023

Før vi legg mars heilt bak oss, og susar på silkeføre inn i april, gjenstår det å kåre månadens bilete. Her er det både nordlys, sol som går opp og ned, manglande lys og dårleg sikt. Klar ferdig – stem!


Påskesongmesse i Åsskard: «Påska på ein kveld»

Jon Olav Ørsal Sundag 2. april 2023

Langfredag inviterer Åsskard kyrkje til tradisjonell Påskesongmesse med kormusikk, stilisert tekstformidling, andakt og kveldsmat. – Påska er ei stor kyrkjeleg høgtid – minst like rik på tekstleg og musikalsk innhald som jula. Som i alle år feirar Åsskard kyrkje difor «Påska på ein kveld» – ei tekstmusikalsk vandring frå palmesøndag til påskemorgon. Koret Projekt 17 flettar klassiske satsar inn i samanhengen. Tekstleg står «Jesu Kristi Sju Ord på Korset» sentralt – som stilisert drama.


Byr på Quiz-kveld på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. april 2023

Todalshytta byr på åpen pub med PÅSKEQUIZ langfredag 7. april frå kl 19:00 og utover.  Quiz-mastere er Mari Brusethaug Redalen og Sondre Halset – Todalshytta lover flotte premiar , og ønskjer alle velkomne til triveleg påskeQuiz!  Les meir om påsken på Todalshytta her på Todalen.no   


Surnadal kino – full fart i påska

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 1. april 2023

Påska er meir enn Kvikk Lunsj og Solo, sjølv om du får kjøpt det i kiosken på Surnadal kino! Kinoen viser to filmar kvar dag frå palmesøndag til onsdag før påske skjertorsdag. Alle er rimeleg energiske, men rett over påske kjem det ein film du kan roe deg ned med!


Todalsfjordprosjektet – tilbake til start, men denne gongen for å bli realisert

Redaksjonen, Todalen.no Laurdag 1. april 2023

Allereie i 1938, altså for 85 år sidan, kom dei første planene om å bygge ein ferjefri veg mellom Todalen og Drøppingstranda, som den gongen låg i Stangvik kommune. Etter dette har det vore mange forslag til ferjefritt samband, siste i så måte er planene om flytebru frå Kvanne til Rykkjem. Tysdag sist veke var kommunestyremedlem Ragnar Halle og talsperson for Todalsøra Terje Nordvik kalla inn til møte med Vegvesenet i Møre og Romsdal, der dei møtte vegsjefen og utbyggingssjefen i Vegvesenet.