Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2023

Vi fann 89 artiklar i dette arkivet.


Sprint: 6 hundredeler frå kvartfinale for Erik

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. april 2023

Det var nok litt surt for Erik Kårvatn i dag – han var 6 hundredels sekund frå plass i kvartfinalen i laurdagens sprint i Tromsø’s gater.  Han kom på 31.plass i kvalifiseringa på tida 2:30,7 som er ei så god tid at han slo legenden Antonioli da – det er iallfall ei lita trøst.  Dagens norske helt vart nok Hans-Inge Klette som vann kvartfinalen og kom heilt til finalen, der han fikk ein flott 4.-plass.


Sprint frå Tromsø på NRK i dag frå kl 14.30

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. april 2023

World Cup-arrangøren hadde ein kjmpedag i går, med ei spektakulær sending på NRK1 som fekk synt fram Tromsø og Kvaløya på sitt aller beste.  I dag får vi meir av same sorten, men i dag er det sprint som står på programmet.  Randonee-landslaget er på plass og det er også Erik Kårvatn som gjorde eit veldig sterkt løp i går, da han vart klokka inn på 28 plass eller kanskje vi heller skal seie at han kom på top 30-lista.  


14. april er første sommardagen

Jon Olav Ørsal Fredag 14. april 2023

På tide å skifte frå vintersko til lettare sommarsko – Todalen Mjølk reknar med at vinteren og snøvêret er over for i år og setter på sommarhjul for å gjera klart til våronna.  På primstaven er det da 14. april som er første sommardagen på «sommarsida» og når meteorologane spår sommartemperaturar for heile 10-dagersperioden så er vel ikkje hjulskifte noko å vente med.


Spektakulært innslag frå WC på Kvaløya

Jon Olav Ørsal Fredag 14. april 2023

Det var eit kjempefint innslag frå WC i randonee i Tromsø – dagens idividuelle konkurranse hadde 62 deltakarar i seniorklassen for mann, og dagens vinnar i seniorklassen vart Remi Bonnet frå Sveits på tida 1:05:02,67. Beste nordmann vart Hans Inge Klette på 16.-plass, medan Trym Dalset Lødøen kom på 22.-plass.  Erik Kårvatn gjorde og eit kjempeløp og kom på 28. plass på tida 1:17:00,10.  «Solid for ein unggut som enno har mykje å lære å kome inn på topp 30-lista», var kommentaren til NRK-reportaren.


Drømmepåske for Stikk UT! Vinter – rekord for Stikk UT! ski!

Dordi Jorunn Halle Fredag 14. april 2023

Påska markerer slutten for vinterens Stikk UT!-sesong, og i årets innspurt vart heile 22 000 turmål registrert. 10 000 turgåarar har deltatt på Stikk UT! Vinter i år, og totalt er nesten 150 000 turar registrert i årets sesong.


Markerer våren med balldag på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Fredag 14. april 2023

Tysdag 18. april er det ny balldag på Todalshytta – som tidlegare er det fritt val mellom sildball med stekt flesk og potetball med saltkjøtt som tilbehør.   Serveringa startar frå kl 15:00 og går heilt fram til kl 18:00.  Bestill gjerne på epost arve@todalshytta.no eller på SMS/telefon 929 97 550.  


Mykje hjort på innmarka no

Jon Olav Ørsal Fredag 14. april 2023

No er det mykje hjort på innmarka – reknar med at den varme fønvinden har sett fart på nygrøå på innmarka, og det er nok «furkunnmat» for hjorten.  Astrid Longva Kvendset har var på hjortesafari torsdag kveld, og har sendt oss bilder av fangsten ho gjorde. Tilsaman var det rundt 40 dyr  – 30 på Ørsalhøgda, 5 i den gamle lysløypa og 5 mellom Oddøya og Halsabrua. 


Randonee på direkten frå Tromsø på NRK1 i dag

Jon Olav Ørsal Fredag 14. april 2023

I dag er det julaftan og 17. mai på ein gong for randonee. For første gong i historia blir ein individuell randonee-konkurranse sendt direkte på Norsk TV,  og da er det sjølvsagt NRK1 som gjer det. Det blir totalt 17 kamera/droner som blir bruka i TV produksjonen.  Sendinga startar kl 13.15, start damer kl 13.30 og start herrer kl 15.20.


Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 14. april 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 15. april i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00. 


Konfirmantane i Åsskard, Stangvik og Todalen inviterer…

Jon Olav Ørsal Fredag 14. april 2023

I samband med konfirmasjonsførebuinga inviterer konfirmantane no til messe i Åsskard kyrkje tysdag 18. april kl 19:00.  Prest Torbjørn Brøske har i vinter stort sett undervist 15-åringane i deira eigne kyrkjer, Åsskard og skiftesvis Stangvik eller Todalen. Saman med han har konfirmantane i dei tre sokna øvd inn «Sju akter frå Jesu liv». Med sceneprega framføring av sentrale bibeltekster er dei hovudaktørar i tysdagens såkalla samtalegudsteneste. 


Give Me 5! med Frode Alnæs

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. april 2023

Frode Alnæs og femteklassingane i Surnadal kommune inviterer til eit lysteleg musikalsk møte på Surnadal kulturhus torsdag 20. april klokka 19:00. Det er berre å seie: Give Me 5!


Interessant viltkveld – og heider til Ragnar Halle

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. april 2023

Rolf Langvatn som gjennom eit langt liv har vore viltforskar, der han i hovudsak har forske på hjort ved Songli forsøksgard i Orkland. Han la for dagen ein enorm kunnskap om forvaltning av hjorteviltet, og formidla det til dei frammøtte i Todalen ungdomshus.  Surnadal Jeger- og fiskerforening overraska nok forsamlinga litt, da leiar Turid Settem Eggen tok ordet og nytta høvet til å utnemne Ragnar Halle som æresmedlem i Surnadal JFF og overrekte eit synleg bevis for heideren.