Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Interessant viltkveld – og heider til Ragnar Halle

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. april 2023

Rolf Langvatn som gjennom eit langt liv har vore viltforskar, der han i hovudsak har forska på hjort ved Songli forsøksgard i Orkland. Han la for dagen ein enorm kunnskap om forvaltning av hjorteviltet, og formidla det til dei frammøtte i Todalen ungdomshus.  Surnadal Jeger- og fiskerforening overraska nok forsamlinga litt, da leiar Turid Sættem Eggen tok ordet og nytta høvet til å utnemne Ragnar Halle som æresmedlem i Surnadal JFF og overrekte eit synleg bevis for heideren. 

Rolf Langvatn kunne avse av sin kunnskap som forskar på hjortevilt ved Songli forsøksgard gjennom eit langt liv. No er han pensjonist, men avslørte at han framleis følgjer med . Foto Jon Olav Ørsal

Rolf Langvatn starta forresten sin karriere med hjortemerking i Østbødalen for snart 60 år sia, og hadde det meste av sitt yrkesaktive liv sin arbeidsplass på Songlia forsøkgard, det vat vart drive forskning på hjort- og hjortforvaltning, og teykte det var artig å fortelje om det han har vore med på og om det dei hadde fått til.  Han var tydeleg på at forsamlinga måtte vurdere det som var gjort ut frå tilgangen på helpemiddel som tilgjengeleg.  For eksempel betydde tilgangen på kalkulator med 4 rekneartar og ikkje minst datamaskinane som etter kvart vart tilgjengeleg mykje for forskningsarbeidet og handtering av resultata.

Kaffe med graut og bakels er sikkerstikk, og gjekk unna. Foto Jon Olav Ørsal

Songli forsøkgard var på 80.000 mål og vart i sin tid kjøpt frå Thams for å brukast til ymse forskningsprosjekt – der det starta i det små og utvikla metodar og utstyr etter kvart som behov og ressursat ga mulegheiter.  I dat har bruken av GPS- og datamaskiner revolusjonert metodane for innsamling og handtering av data, Dette har ført til at forskningsstasjonen på Songli no på det næraste ligg brakk.  

Rolf langvatn snakka til eit lydhørt publikum, som godt kunne vore fleire. Foto Jon Olav Ørsal

Etter kaffepausen vart det som sagt eit uventa avbrekk, da Turid Sættem Eggen tok ordet. Ho er leiar i Surnadal JFF, og ho kunne fortelje at foreninga har beslutta å utnemne Ragnar Halle som æresmedlem i foreninga.  Ho fortalte at Ragnar har vore medlem sia 1991, og har gjort ein kjempestor innsats på mange felt.  Ragnar har mellom anna vore leiar i laget i 10 år, og i den perioden auka medlemstalet frå 133 til over 300 medlemar.  Ragnar var speielt oppteken av ungdomsarbeidet i foreninga, og ein forkjempar for at allmuen skulle ha tilgang på å utove jakt og fiske. I hans periode som leiar har foreninga hatt mange store prosjekt på blokka – mellom ann Anlegget på Angråmyra, Kårvatnavtalen, avtale om småviltjakt på kommunen eigedom på Vaulen.  – Halle har vore aktivt med i Norsk laksefestival, områdestyret for Trollheimen i tillegg til 26 år som medlem i kommunestyret og leiar for viltnemnda i 16 år. 

Ragnar med det synlege beviset for heideren han vart til del. Turid Sættem Eggen sørga for utdelinga. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. april 2023, 05:00