Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sprint: 6 hundredeler frå kvartfinale for Erik

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. april 2023

Det var nok litt surt for Erik Kårvatn i dag – han var 6 hundredels sekund frå plass i kvartfinalen i laurdagens sprint i Tromsø’s gater.  Han kom på 31.plass i kvalifiseringa på tida 2:30,7 som er ei så god tid at han slo legenden Antonioli da – det er iallfall ei lita trøst.  Dagens norske helt vart nok Hans-Inge Klette som vann kvartfinalen og kom heilt til finalen, der han fikk ein flott 4.-plass.

Starten i Menn seniors finaleheat – her kom Hans-Inge Klette på 4.-plass. skjermdump

Dette er nok det beste løpet han har gått i år, men måtte altså sleppe 2 sveitsere og en spanjol framom seg i dag.  Som sagt så gikk løpet i Tromsøs gater, og NRK har nok sendt mange fine bilder frå Tromsø land og strand rundt.  Etter så vi har forstått så er vi med dette komne til vegs ende på terminliste for randoneelandslaget.  – No treng deg kanskje å lade batteria litt før dei går på neste sesong.

Hans-Inge Klette går i mål til 4.-plass skjermdump

6 hundredels sekund i prologen var nok til å ta frå Erik plassen i kvartfinalen. Foto Gudmund Kårvatn

Publisert: 15. april 2023, 15:46