Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje hjort på innmarka no

Jon Olav Ørsal Fredag 14. april 2023
No er det mykje hjort på innmarka – reknar med at den varme fønvinden har sett fart på nygrøå på innmarka, og det er nok «furkunnmat» for hjorten.  Astrid Longva Kvendset har var på hjortesafari torsdag kveld, og har sendt oss bilder av fangsten ho gjorde. Tilsaman var det rundt 40 dyr  – 30 på Ørsalhøgda, 5 i den gamle lysløypa og 5 mellom Oddøya og Halsabrua.  

Hjorten beita i fred og ro 50 meter frå vegkanten på Ørsalhøgda. Foto Astrid Longva Kvendset

 
Det er god grunn til å være litt forsiktig når du er ute med bilen – spesielt i skyminga trekker hjorten ned på gjerda for å finne seg nokre godbitar.  Det er nok godt med eit målbyt, etter ein lang og mager vinter.  

Fredag morgon var det enno nokre hjorta som beita i skogkanten ved ørsalhøgda. Foto Jon Olav Ørsal

 
Publisert: 14. april 2023, 11:26