Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konfirmantane i Åsskard, Stangvik og Todalen inviterer…

Jon Olav Ørsal Fredag 14. april 2023

I samband med konfirmasjonsførebuinga inviterer konfirmantane no til messe i Åsskard kyrkje tysdag 18. april kl 19:00.  Prest Torbjørn Brøske har i vinter stort sett undervist 15-åringane i deira eigne kyrkjer, Åsskard og skiftesvis Stangvik eller Todalen. Saman med han har konfirmantane i dei tre sokna øvd inn «Sju akter frå Jesu liv». Med sceneprega framføring av sentrale bibeltekster er dei hovudaktørar i tysdagens såkalla samtalegudsteneste. 

Tidlegare, gjerne kalla «overhøring», var dette nesten ein eksamen i kristenlæra bak konfirmasjonen. I dag er «høringa» erstatta av innleving og praktisk kyrkjedeltaking – m.a. i gudstenester som denne. I dei sju bolkane treffer vi Jesus m.a. som 12-åring i tempelet, i møtet med Sakkeus og under det siste måltidet skjærtorsdag kveld. Utvalget viser sentrale ledd i konfirmantopplæringa. I tillegg er det vanleg, attkjenneleg liturgi og mykje frisk salmesong. Konfirmantane, dei tre arrangerande sokneråda og staben elles poengterer at samlinga tysdag er ei open gudsteneste for alle!

Plakaten for gudstenesta tysdag 18. april – arrangør er sokneråda i Åsskard, Stangvik og Todalen.

Publisert: 14. april 2023, 05:21