Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2023

Vi fann 89 artiklar i dette arkivet.


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. april 2023

Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag klokka 11.00. Liturg er Torbjørn Brøske medan Bernt Bøe er organist. 


«Danse med skjebnen» på kulturhuset

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. april 2023

Onsdag 26. april klokka 19:00 kjem Teatret Vårt til Surnadal kulturhus med forestillinga «Danse med Skjebnen». Dette er eit underhaldande musikkteaterstykke basert på songane til Dance With a Stranger. Etter strålande tilbakemeldingar frå publikum over heile fylket, kjem stykket no altså til Surnadal kulturhus. 


Bakeriutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. april 2023

Fredag 28. april, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard igjen til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til 1. mai. 


Inviterer til «Felles middag» onsdag 26. april

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. april 2023

Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 26. april klokka 16:30. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.


Kløvertur i liene på Kvennset

Dordi Jorunn Halle Sundag 23. april 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 24. april. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Flott konsert i Ungdomshuset – trampeklapp for Hornmusikken og skulekorpset!

Dordi Jorunn Halle Sundag 23. april 2023

Surnadal Hornmusikk inviterte til jubileumskonsert i Todalen ungdomshus laurdag 22. april, Hornmusikken fylte heile 125 år i 2021! Men da vart det koronapandemi og avlysing. I ordtaket heiter det at «den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves», og slik var det med kveldens konsert! Hornmusikken leverte ein feiande flott konsert til stor glede for publikum som var både imponert og storfornøgde.


Flotte vårdagar og mykje folk på Syltøran

Jon Olav Ørsal Fredag 21. april 2023

Arrangøren av vårdagane på Syltøran melder om mykje folk og stor aktivitet, og jammen går det da an å være heldig med vêret og da.  Folk strømma til , og det såg ut som dei kosa seg, og både Sveen Auto, Eiksentret, Hageland og Byggmakker rapporterer om stor trafikk og mykje folk i farta. 


Inviterer til boligkonferanse

Jon Olav Ørsal Fredag 21. april 2023

Surnadal kommune inviterer byggebransjen, innbyggere og ansatte til boligkonferanse torsdag 27. april.  Det skjer i Surnadal kulturhus, med start kl 9.30 og går heile dagen fram til kl 15. Denne dagen bys det på eit variert program som burde være aktuelt for alle som har interesse av boligmaknaden i kommunen. Det er gratis å delta på konferansen. 


Goodiebags til Russ 23

Dordi Jorunn Halle Torsdag 20. april 2023

Det er snart mai og klart for russetid for avgangselevane ved Surnadal vidaregåande skule. For niande året på rad vil russen få ei helsing frå sanitetsforeningane i kommunen, nemleg goodiebags.


Tidleg ute med våronna – satsar på litt nytenking

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. april 2023

Ola Kvendset er tidleg ute og alt i full gang med våronna, og er ikkje redd for å prøve noko nytt.  Med ei ny såmaskin kan han både gjødsle og så på ein gong, og får både gjødsel og frø ned i jorda. Tilsaman har han no 400 mål som han skal så og gjødsle på denne måten i staden for å pløye, harve, gjødsle og så i fleire prosessar.  Den er ideell når ein ikkje treng til å pløya på grunn av kjøreskader eller andre årsaker.


Jubileumskonsert i ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. april 2023

Surnadal Hornmusikk held fram 125-årsfeiringa si, og kjem til Todalen ungdomshus laurdag 22. april klokka 19:00. Billettsalet tek til klokka 18:30. Da vil vi få høyre nokre av låtene hornmusikken spela under jubileumskonserten sin på Surnadal kulturhus i januar. 


Fullstendig sakliste til årsmøtet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. april 2023

Styret i Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 27. april klokka 19:00. No er sullstendig sakliste klar, og blir pressentert nedanfor.