Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tidleg ute med våronna – satsar på litt nytenking

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. april 2023

Ola Kvendset er tidleg ute og alt i full gang med våronna, og er ikkje redd for å prøve noko nytt.  Med ei ny såmaskin kan han både gjødsle og så på ein gong, og får både gjødsel og frø ned i jorda. Tilsaman har han no 400 mål som han skal så og gjødsle på denne måten i staden for å pløye, harve, gjødsle og så i fleire prosessar.  Den er ideell når ein ikkje treng til å pløya på grunn av kjøreskader eller andre årsaker.

Fullt kjør med såmaskina – den kan ta 3 sortar frø eller gjødsel og 2 sortar frø i eitt. Foto Jon Olav Ørsal

Ola håpar at dette skal gje like godt resultat, og dermed spare mykje arbeid – han reknar med at det med arbeidspengar kosta kr 1500 pr dekar å pløye.  No vil han også teste ut ein hybridgjødsel som er laga av restavfall, hønsemøkk, kloakkslap og matavfall.  Dette er varmebehanla for å hindre smitte, og så er det granulert for å gå gjennom rørene i såmaskina.  Gjødsla er produsert i Noreg – nærare bestemt i Østfold. 

Ola brukar hybridgjødsel – gjødsel som er laga av hønemøkk, kloakkslam, matavfall etc. og er rekna for å være halv-økologisk. Foto Jon Olav Ørsal

Med denne kombimaskina kan han kjøre inntil 3 sortar frø samtidig – eller 2 sortar frå og gjødsel.  Ola er litt interessert i å prøve seg fram med slike løysingar, og no er han sjølvasagt spent på korleis resultatet blir. På det arealet han no har sådd, har han bruka både ettårig og fleirårig raigras (1 kg av kvar pr dekar) i tillegg at det er lagt ut 20 kg gjødsel pr dekar. Blir det som han håpar så kan han kanskje ha både 4 og 5 slåttar første året, før han avsluttar med ein runde med beiting.

Publisert: 20. april 2023, 18:00