Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott konsert i Ungdomshuset – trampeklapp for Hornmusikken og skulekorpset!

Dordi Jorunn Halle Sundag 23. april 2023

Surnadal Hornmusikk inviterte til jubileumskonsert i Todalen ungdomshus laurdag 22. april, Hornmusikken fylte heile 125 år i 2021! Men da vart det koronapandemi og avlysing. I ordtaket heiter det at «den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves», og slik var det med kveldens konsert! Hornmusikken leverte ein feiande flott konsert til stor glede for publikum som var både imponert og storfornøgd.

Dirigent Einar Sødergren og leiar for Hornmusikken Ragna Marie Mauset. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Konserten opna med fart og futt, nemleg Champagnegaloppen; og her small champagnekorkane rett i taket! Neste låt var den den stemningsfulle melodien «Livets lys» eller «Vitae Lux» av Frode Alnæs. Dyktig og inspirerande dirigent for korpset er Einar Sødergren; det har han vore dei siste ti åra og ein femårsperiode tidlegare på 2000-talet.

Film- musikalmusikk er ein signatur for korpset, mellom anna vart det musikk frå filmserien om Indiana Jones. Vidare var det presentert både symfonisk musikk, storbandlåtar, tema frå «Star Wars»-serien mm. Rett og slett eit svært variert og interessant program!

Frode Sætherbø med nydeleg framføring av «En natt forbi» av Jan Eggum. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Christian Madaus har spela føyte i korpset i mange år, og han spela solo der publikum kunne føle både sol, varme og lidenskap får Sør-Italia! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Konserten viste at samspelet mellom dirigent og musikarar er svært godt, dei gjer kvarandre gode! Eit korps er lagspel, men det er også rom for solistar! Fleire av korpsmedlemene hadde flotte solonummer.

Surnadal Hornmusikk har ca. 30 musikarar, fleire frå Todalen. Ragna Marie Mauset er leiar for korpset. Leif Frønes er leiar for komiteen for jubileumsmarkeringa.

Surnadal skulekorps er ikkje mange, men dei er riktig flinke og har lært mykje og utvikla gode speleferdigheiter i løpet av kort tid! Denne kvelden mangla dei både musikantar og drilljenter. Dirigent er Torgeir Andresen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Surnadal skulekorps har ikkje mange medlemmer, men dei imponerte stort med speleglede, iver, humør og gode prestasjonar! Det let riktig bra! Dirigent for denne lystige gjengen er Torgeir Andresen, han er rett og slett ein fantastisk dirigent! Så det er berre å håpe at mange ungar melder seg inn i skulekorpset til hausten! Det er viktig for skulekorpset som treng fleire musikantar, men det er også viktig for Hornmusikken som treng rekruttering!

Einaste todaling i skulekorpset er Fredrik Sogge, han sit i midten i rekke to. Dessverre veit vi ikkje namnet på dei andre. Foto: Dordi Jorunn Halle.

No framover blir det ei travel tid for musikantane med speling både 1. mai, 17. mai, Vårsøghelg og musikkstemne.

Kvelden vart avslutta med «Stars and Stripes for ever» av John Philip Sousa.

Og til slutt stor takk til små og store musikantar som laga ein festkveld i Todalen ungdomshus!

Gudbjørn Moen med flott framføring av «Gabriels obo» på klarinett – ein kjent og kjær melodi. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Det er fleire todalingar i korpset. Frode Grønmyr starta i Stangvik skulekorps og har no lang fartstid i Hornmusikken. Her i lag med Leif Frønes som er leiar for jubileumsprosjektet. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Dirigent Andresen med publikum i bakgrunnen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

 

Publisert: 23. april 2023, 00:12