Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

14. april er første sommardagen

Jon Olav Ørsal Fredag 14. april 2023

På tide å skifte frå vintersko til lettare sommarsko – Todalen Mjølk reknar med at vinteren og snøvêret er over for i år og setter på sommarhjul for å gjera klart til våronna.  På primstaven er det da 14. april som er første sommardagen på «sommarsida» og når meteorologane spår sommartemperaturar for heile 10-dagersperioden så er vel ikkje hjulskifte noko å vente med.

Tunge løft var det, men dei to hadde gode hjelpemidlar for å klare det. Foto jon Olav Ørsal

Ståle Ansnes og Anders Karlsen hadde god bruk for vinterdekk med pigg da vi hadde siste snåvêret for 3-4 veker sia, men no var dei begge i sommarmodus.  Nokre tunge løft var det, men dei hadde hjelpemidlar slik at dei kunne jobbe smart.  

Publisert: 14. april 2023, 18:00