Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskesongmesse i Åsskard: «Påska på ein kveld»

Jon Olav Ørsal Sundag 2. april 2023

Langfredag inviterer Åsskard kyrkje til tradisjonell Påskesongmesse med kormusikk, stilisert tekstformidling, andakt og kveldsmat.Påska er ei stor kyrkjeleg høgtid – minst like rik på tekstleg og musikalsk innhald som jula. Som i alle år feirar Åsskard kyrkje difor «Påska på ein kveld» – ei tekstmusikalsk vandring frå palmesøndag til påskemorgon. Koret Projekt 17 flettar klassiske satsar inn i samanhengen. Tekstleg står «Jesu Kristi Sju Ord på Korset» sentralt – som stilisert drama.

Scene med «Jesu Sju Ord»: Per Arne Hyldbakk (frå venstre), Torbjørn Brøske og Kristian Settem. (Foto frå Stangvik kyrkje: Rannveig Brøske)

Torbjørn Brøske gjer teneste om prest. Turid Røen Kroknes er songsolist, Tove Elin Strand spelar fløyte og Bernt Bøe leier allsong og kor. Medlemmar av koret har sceniske roller. Rannveig Brøske og Randi Bøe les påsketekster.  Av musikk som er fletta inn i handlinga, hører vi Salme 24 av Wennerberg, utdrag frå «Elias» av Mendelssohn, to satsar frå «Messias» (Handel), «Ave verum» av Elgar og ein gripande  spritual «Were You There». Koret legg også klangsatsar til salmesongen. 

Påska har mange gudstenestedagar – alle med rikt og særprega innhald. Med utvalde tekster, tonar og symbol i ei konsertmesse samlar fredagskvelden i Åsskard noko av essensen i den store høgtida. Godt oppmøte i alle år vitnar om at Påskesongmessa møter eit ønske og eit behov.
Programmet startar kl. 19.30. Etter samlinga i kyrkja serverer soknerådet kveldsmat til alle.

Randi og Eva Jorid i soknerådet byr på kveldsmat til alle. (Foto Bernt Bøe)

 

Først publisert: 2. april 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 1. april 2023, 16:24