Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

WC i randonee i Tromsø denne veka – Erik vart nr 39

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. april 2023

Denne veka er det verdscup i randonee i Tromsø  – i dag er det vertikal som står på programmet og her står sjølvsagt det norske landslaget på strartstreken – medrekna todalingen Erik Kårvatn som denne gongen startar i seniorklassen.  Dermed får han måle kreftene med dei aller sterkaste denne gongen.  

Dette er det plana at du skal få sjå live på nettet, direkte frå Tromsø.  Her har vi lagt ut lint til live-sendinga på nettet – der startar sendinga kl 16.15 i dag – Erik startar kl 16:51.20.

Elles kan nemnast at det fredag og laurdag er sending direkte frå individuell og sprint på NRK TV – storsatsing der NRK stiller med 16 kamera og diverse droner – da er det lurt å være på plass framfor TV’n!
Da sker det altså:  14. april kl 13:20: Randonee – World Cup Tromsø, individuell på NRK1.

Det var tøffe tak i Trømsø i dag – Fredag får vi sjå meir, og da blir det sending på NRK. Skjermdump frå livestream

Erik hamna på 39 plass
Erik fikk bryne seg på seniorane i dag. Under WC i Tromså er det ikkje klasse for 20-åringar, og det vart nok litt tøfft for Erik som til slutt hamna på ei 39-plass av totalt 49 i seniorklassen for menn.  Det var han nok førebudd på, og på resultatliste kan vi sjå at han var 5:3709 etter vinnaren som vart Remi Bonnet frå Sveits denne gongen.  Men Erik tykte det var artig å måle kreftene med senniorane, og dette ser da slett ikkje så verst ut.  Fredag får han ein ny sjanse!

 

 

Først publisert: 12. april 2023, 15:10 - Sist oppdatert: 13. april 2023, 10:53