Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kjerringdilten» i strålande vêr

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. april 2023

Vêrgudane varta opp med strålande vêr og kjempe fint skiføre under årets «kjerringdilt. Knapt seksti peronsar tok turen opp til skihytta for å vere med på «Kjerringdilten» og for å få ein fin skitur i det fine påskevêret. Det er driftsstyret for skihytta i Todalen Idrettslag som står som arrangør av «Kjerringdilten». 

Kjempe fine forhold under årets Kjerringdilt. Foto: Endre Talgø

Det var 41 som stilte til start på sjølve «Kjerringdilten», som i år gjekk frå skihytta, via Øyasetra og attende til skihytta. «Kjerringdilten» er eit langrenn på idealtid, og Ellbjørg Haugrn Larsen vart årets vinnar. Ho kunne dermed heve den store pokalen frå HalsOil og fekk i tillegg eitt napp i vandrepokalen. Ellbjørg gjekk løypa 3 sekund for raskt, medan Kristen Bruset, på andreplass, brukte 4 sekund for lang tid på løypa, så ein kan trygt seie det var «close race» mellom dei to første på resultatlista. 

 

Ei nøgd Ellbjørg Haugen Larsen kunne heve pokalane etter løpet! Foto: Sondre Halset

Dei ti første i skirennet fekk premie, som Matkroken og SpareBank 1 Nordmøre hadde gjeve. 

Knut «i bua» kunne freiste med kaffe, saft, bakels med graut og pølser. Foto: Sondre Halset

Inne på hytta hadde hyttekomiteen rigga seg til med sal av kaffe, saft, bakels med graut og pølser. Rapportane frå hyttekomiteen kan fortelje at spesielt bakels med graut var ei populær salsvare!

 

Først publisert: 7. april 2023, 17:16 - Sist oppdatert: 8. april 2023, 13:51