Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny driftsleiar på Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 8. april 2023

Anders Mo vart på årsmøtet til Todalen Idrettslag den 15. mars valt til ny driftsleiar på Hett & Svett. I dag var han og leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme, på plass for å ordne dei praktiske tinga i samand med at Anders no tek til i vervet. 

Når det gjeld å få tildelt nøkkelkort, så er det framleis Elinor Bolme som skal kontaktast for å få fiksa dette. Ho når ein på telefon 901 96 268. 

I same slengen minner Anders og Elinor om at det er viktig at nøkkelkortet blir lagt inntil låsen, som vist på biletet, for at døra skal opne seg. 

Pass på at nøkkelkortet ligg rett for å få opna døra. Foto: B G Ansnes

 

Publisert: 8. april 2023, 13:11