Bli med på kløvertur til Gammelvegen
Oppmøte ved Matkroken til vanleg tid kl 11:00 for samkjøring til Svinvika. Så går vi ein runde og tek matpause oppå Kammen. Kom og bli med det gjer så godt – Alle er velkomne!
Vi fann 84 artiklar i dette arkivet.
Oppmøte ved Matkroken til vanleg tid kl 11:00 for samkjøring til Svinvika. Så går vi ein runde og tek matpause oppå Kammen. Kom og bli med det gjer så godt – Alle er velkomne!
Neste helg, 26. – 28. august, inviterer kvinneutvaget i Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) til NJFF Jentehelt 2022 i Surnadal. Det er framleis ledige plassar, så har du lyst til å vere med, så er det berre å melde seg på. NJFF Jentehelg 2022 er eit tilbod til alle friluftsinteresserte jenter i alle aldrar, og ein treng ikkje ein gong å være medlem i SJFF for å kunne vere med!
Den nye trasèn for Kårvatn Sky Race fikk ein skikkeleg elddåp da Fredrik Bruseth kom først i mål på den 27 km lange runden i fjella ovafor Kårvatn. Bruset etablerte dermed løyperekord på 3.31,50, medan Martin Fossen kom på 2.-plass med 4.05,21 og Thomas Sandhaug kom på 3.plass med 4.05,29. Erik Kårvatn låg egentleg godt an i løypa, men måtte gi seg på grunn av etterdønningar etter luftvegssjukdom. 18 deltakarar i herreklassen på 27 km. Totalt var det 57 deltakarar under årets Kårvatn Sky Race som altså er det fjerde i rekkja.
Presis kl 11 stakk hovudfeltet til fjells fra startportalen utafor butikken til Kårvatn Fjellutstyr. Hovudfeltet er alle som løper 15 km konkurranse og alle på 27-km trasèn. Begge er heilt nye trasèar som det er knytt stor spenning til. Først ut var Erik Kårvatn som også skal forsvare fjorårets seier, og det er nok ingen bakdel å være lommekjent i området.
Starten gikk kl 10 for klassane trk og familie. Familieklassen følgjer 2-km løype opp til Naustådalssetra, medan trimklassen følgjer 15-km trasèn vidare opp mot Kvennåbotn og utover til Talgønebba og inn mot målgang på Kårvatn.
Tysdag 23. august inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag ny fjelltur, og denne gongen går turen til Øverkjerka i Bæverdalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Saga i Bæverdalen.
Søndag 21. august klokka 11:00, inviterer Todalen sokneråd til utegudsteneste i Svinviks arboret. Dersom det blir dårleg ver blir gudstenesta flytta til Todalen kyrkje, til same tid. Eventuell flytting vil bli annonsert her på Todalen.no, så følg med!
Da fristen for påmelding gikk ut ved midnatt i går var det 56 påmeldt til årets Kårvatn Sky Race. Arrangøren, Trollheimen Fjellsportklubb er imidlertid litt romsleg med påmeldinga og reknar med nokre etteranmeldte, slik at deltakartalet kjem opp på 60-talet og dermed på omtrent same nivå som i fjor.
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag skulle eigentleg på tur til Innerdalen og Renndølsetra tysdag, men vêrmeldingane på yr.no meldte mykje nedbør, så turen vart utsett til i går. Og da skein sola på oss!, seier ein fornøgd Kristian Ranes i Fjellgruppa!
Svein Tjelle, i Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag, har sendt oss ein liten rapport frå dagens stavgangtur, som i dag gjekk til Vindøladalen. – Fin tur med stavgangsgrupps til Vindøldalen i dag, kan han fortelje.
Sist Jenny Klinge var i Viastua på besøk, for 5 år sia, var ho med på morgonstellet i fjøset hos Ola Kvendset. Veldig triveleg og lærerikt det, men i dag var ærendet eit heilt anna. I dag var det «retninga for landbruket og matproduksjonen framover» som stod på dagsorden da Jenny vitja Viastua saman med ordførar Margrete Svinvik. – Det er viktig for oss å følgje med på det som skjer, slik at vi held oss oppdatert, seier Klinge. Klinge er oppteken av kva som skjer med bygdene i Noreg og kva folk her skal leve av og kvar folk skal bu.
Laurdag 20. august frå klokka 12:00 – 16:00 inviterer Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) til aktivitetsdag for alle i Svartvassområdet. Store og små er velkomne til samling i det flotte nærområdet der. SJFF legg til rette for aktivitetar dei har lyst til å dele med dei som kjem, alt relatert til jakt-, fiske- og friluftsaktivitetar og med spesielt fokus på moglegheiter i sentrum.