Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2022

Vi fann 84 artiklar i dette arkivet.


Inviterer til BH-festival

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. august 2022

Laurdag 27. august, frå klokka 17:00, inviterer Bekkerhagen Vel til BH-festivalen 2022. Frå klokka 17:00 vil grillane vere klare for grilling, så da kan du ta med deg grillmat og bli med på årets BH-festival!


Litt asfaltering denne veka også

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. august 2022

I dag har det pågått asfaltering igjen – denne gongen er det i kommunal regi. Det er i dag lagt ny asfalt frå krysset Todalsvegen/Myrjarvegen og heilt til endes på den kommunale vegen gjennom bustadfeltet på Kvennset.


Fjellgruppa med finvêrstur til Amtlihammaren og Bæverfjordsetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. august 2022

I går tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Amtlihammaren og Bæverfjordsetra. – Turen til det forjettede fjell gikk oppover skikkeleg bratte bakka forbi ein kraftstasjon som sikkert held straumprisene nede for utbyggaren, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.


Spurtoppgjør i årets siste klubbritt

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. august 2022

Tysdag kveld gikk årets siste klubbritt i Trollheimen Sykkelklubb, og det gjekk frå Nordvik til Kårvatn, i tradisjonelle former. Det vart eit spurtoppgjør innover Dalagjerdet med Håkon Vang Aas og Håvard Gjeldnes om breidd. Dei to vart klokka inn på 34:45,2 og 34:45,7 med Håvard først i mål.


Siste frist for bestilling av husnummerskilt

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. august 2022

Surnadal kommune opplyser at siste frist for å bestille husnummerskilt via kommunen snart går ut. Alle 4884 adresseverdige bygg i kommunen har no fått tildelt husnummer (adressenummer). Huseigar eller festar har ansvaret for å sette opp nummerskilt på eige(ne) bygg eller eigedom. Mange har bestilt våre skilt med svarte tal på kvit refleksbakgrunn, godkjent av Kartverket.


Gratis rettleiing til ungdomsforeldre

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. august 2022

Frå september vil det bli arrangert ICDP-foreldregruppe for foreldre som har elevar på ungdomstrinnet i Surnadal kommune. Da inviterer helsesjukepleiar Heidi E. Fiske og ungdomskontakt Kristin Børset til foreldregruppe, som går over 8 veker på torsdagar. Oppstart blir torsdag 22. eller 29. september, men dette vil bli kunngjort til deltakarane i god tid før oppstart.  


Arkeologisk undersøking – eit skritt vidare for bruprosjektet

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. august 2022

Det er kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som no er i gang med arkeologisk undersøking i den framtidige vegtrasèn i Svinvika. Arkeologar er no i gang med å ta ut prøvar frå sjakter som er gravd fram på innmarka, og det er gjort eit par små funn så langt i prosessen. Det er funne ei kokegrop og litt gammel dyrkingsjord med dei stikkprøvane som er gjort til no. Heile nesset, med arboretet og Svinvika er med i prosjektområdet der det no skal gjerast forundersøking.


Bli med stavgangarane til Holtasetra

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. august 2022

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Holtasetra i Søyådalen torsdag 25. August. Parkerer ved brua, så går turen derifrå og opp til setra. Oppmøte klokka 11:00. 


Koser seg på fjellbeite i sommar

Jon Olav Ørsal Måndag 22. august 2022

Det er mykje fokus på at fjellbeitene grør att og at det veks att med kratt og buskas langt til fjells. Det er nok fleire årsaker til at utmarka gror att, men to vikige faktorar er nok mangel på beitedyr, både sauer og storfe, og så er det klimaendringane. Vi har vel ikkje noko umiddelbar løysing på nokon av problema, men vi tykkjer det er synd at den fine fjellbeita vi har her i Trollheimen ikkje blir nytta ut. Vi kjem vel både borti næringspolitikk og rovdyrpolitikk dersom vi skal diskutere dette.


«Årnesdagen»

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. august 2022

Laurdag den 27. august inviterer Turgruppa i Gamle Stangvik, med støtte frå Stangvik Historielag, «Årnesdagen». Oppmøte klokka 11:00. Det er mogleg å parkere ved Jørristu-fjøset eller ved grendahuset på Årnes. Dagen startar med ein kort tur opp til Musters-husa (Trøinn).


Vangsgutane er i rute…

Jon Olav Ørsal Sundag 21. august 2022

Søndag fikk vi nærast uventa besøk i redaksjonen! Det var frå Fonna Forlag – redaktør og majoritetseigar Kjartan Helleve som stakk innom. Han hadde ærend i området, og kom på at han skulle stikke innom og sjå seg litt rundt i Todalen når han først var på disse traktane.


Arboretet: – Gudsord i friluft

Jon Olav Ørsal Sundag 21. august 2022

Soknerådet hadde is i magan og arrangerte friluftsgudsteneste i Svinviks arboret. Men det var ikkje så lenge etter at gudstenesta var ferdig, før dei første regndråpane gjorde sitt inntog. Det har faktisk vorte faktisk tradisjon å arrangere friluftsgudsteneste i arboretet, og i år var det faktisk eit trettital som kom og vart med på gudstenesta.