Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gratis rettleiing til ungdomsforeldre

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. august 2022
Frå september vil det bli arrangert ICDP-foreldregruppe for foreldre som har elevar på ungdomstrinnet i Surnadal kommune. Da inviterer helsesjukepleiar Heidi E. Fiske og ungdomskontakt Kristin Børset til foreldregruppe, som går over 8 veker på torsdagar. Oppstart blir torsdag 22. eller 29. september, men dette vil bli kunngjort til deltakarane i god tid før oppstart.  

Foreldregruppa vil følge programmet til International Child Development (ICDP), som er eit førebyggande og gruppebasert program retta mot foreldre med barn i alderen 0 – 18 år. Formålet med programmet er å førebygge psykososiale vanskar hos barn og ungdom gjennom å styrke foreldra og andre omsorgspersonar.

Programmet har vore gjennomført ein gong tidlegare i Surnadal kommune, og tilbakemeldingane frå deltakarane den gongen var positive. Kurset er gratis og pågår ein dag i veka i åtte veker. Det er plass til åtte deltakarar, så har du lyst til å vere med, bør du snarast ta kontakt med ungdomskontakt Kristin Børset på telefon 911 59 310. Ho kan også gje deg meir informasjon om kurset. 

Hva er ICDP?

Publisert: 23. august 2022, 11:50