Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste frist for bestilling av husnummerskilt

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. august 2022

Surnadal kommune opplyser at siste frist for å bestille husnummerskilt via kommunen snart går ut. Alle 4884 adresseverdige bygg i kommunen har no fått tildelt husnummer (adressenummer). Huseigar eller festar har ansvaret for å sette opp nummerskilt på eige(ne) bygg eller eigedom. Mange har bestilt våre skilt med svarte tal på kvit refleksbakgrunn, godkjent av Kartverket.

Surnadal kommune tek no ein siste runde med tilbod om bestilling av skilt via kommunen. Siste frist er sett til 1. oktober.

Etter denne datoen må ein eventuelt ordne med skilt sjølv. Slike husnummerskilt kan ein da mellom anna få kjøpt på posten.no – sin nettbutikk

Prisen er som før, kroner 140 per skilt, med frå 1 – 4 siffer på.

Fyll ut Bestillingsskjema – Husnummerskilt og send det via e-post til post@surnadal.kommune.no eller via post til

Surnadal kommune, Areal- og naturforvaltning, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal

Fristen for å bestille husnummerskilt via kommunen er som nemnt 1. oktober.  

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 23. august 2022, 14:34